Tysdag presenterte Hydro Årdal eit overskot før renter, skatt og avskrivingar på 404 millionar kroner for fjerde kvartal 2021, og eit samla overskot på 1.398 millionar kroner for heile 2021.

– Hydro Årdal leverte også eit godt resultat i årets siste kvartal. Vi har hatt god utvikling i aluminiumsprisar og et godt marknad gjennom året, noko som har bidratt til at Hydro Årdal leverer eit av dei beste årsresultata nokon gong.

Det seier fabrikksjef Wenche Eldegard i ei pressemelding. Ho gler seg over god vekst for Hydro Årdal trass varierande utvikling i marknaden.

– Vår evne til å veksle produksjonsvolum mellom ulike produkt gjør at vi held totalt produksjonsvolum på plan. Vi har stabil og god drift i alle einingar, noko som gjør at vi klarer å utnytte gode priser og marknad godt, og vi hentar marginane som ligg der.

– Så alt i alt er dette et veldig godt kvartal både resultat- og driftsmessig.

Utfordringar grunna pandemi

Generelt sett har 2021 vore eit veldig bra år for Hydro Årdal, men Eldegard legg ikkje skjul på at pandemien har vore ein utfordring.

At det har gått så bra som det har takkar ho dei tilsette for.

– Vi har hatt fantastiske tilsette som har støtta opp om strenge smittevernreglar for å unngå å få større smitteutbrot innanfor fabrikken.

– Vi har også fått starta fleire strategisk viktige investeringar i 2021. Reinseanlegg i elektrolyse, RORO-løysing på kaien og levetidforlengingar på omn 4 på Karbon er eksemplar på dette.

Årdal Metallverk utviklar seg stadig og i 2021 fikk dei fleire interne forbetringsprisar innanfor «innovasjon» og «berekraft».

– Det er vi utruleg stolte av, og viser at Årdal stadig utviklar seg gjennom ny teknologi som går hand i hand med det grøne skiftet, seier Eldegard vidare i pressemeldinga.

Økt bruk av brukt aluminium

Hydro Årdal skal i tida framover jobba vidare med å auke bruk av resirkulert aluminium i støperiproduksjon.

Det skal ta fotavtrykket på metallet deira ytterlegare ned, og Eldegard kan fortelje at det er det siste året blitt større etterspørsel etter produkt med innhald av resirkulert metall.

– Nå ser vi moglegheita til å ta større andelar i dette marknaden i fremtiden. Hydro har ein ambisjon om å doble bruken av resirkulert aluminium, og Hydro Årdal vil vere ein naturleg del av den strategien.

Ein stor bidragsytar for dette i Årdal er investeringa i et nytt forvarmingskammer som nyleg blei annonsert.

– Forvarmingskammeret vil bidra til økt bruk av resirkulert aluminium i produksjonen, samstundes som CO₂-fotavtrykket senkjast med smart utnyttelse av overskuddsenergi. Dette er svært positivt for Hydro Årdal. Vi ser at prosjekta vi iverksetter både er lønnsomme og berekraftige, og det styrker verket for fremtiden, seier Eldegard.

Viktige oppgraderingar skal gjennomførast

I fjerde kvartal vedtok Hydro å investere rundt 60 millionar kroner til oppgradering av elektrolysecellene i Årdal. Prosjektet vil betre arbeidsmiljøet, gje lågare energiforbruk og bidra til økt lønsemd ved fabrikken.

– Det er også jobba fram et prosjekt på Karbon for å sikre leveranse av anoder til våre kundar. Ein ny boremaskin i linjen som ferdigstiller anoder, vil sikre nok kapasitet i linja til å ta unna anodeproduksjon og leveransar etter plan, og sikre effektivt vedlikehald av maskinene framover, seier Eldegard.

I desember blei også det nye gjenvinningssenteret ferdigstilt.

– Ved å gjennomføre denne investeringa, vil vi nå utnytte potensialet for gjenvinning av avfall frå prosessane våre i langt større grad enn tidlegare, seier Eldegard.

Godt samarbeid med lokale aktørar

– Framtidas moderne arbeidsplass må sikre seg riktig kompetanse, skriv Hydro i pressemeldinga deira.

Dei understrekar at Hydro Årdal har strategisk tilnærming og langsiktigheit i dette arbeidet, og støtter fagarbeidaren sterkt.

– Vi jobbar veldig bevisst med utvikling av eksisterande personell og ny rekruttering. Hydro Årdal har siste 5 årene økt fagbrevandelen frå ca. 70 % til 84 % gjennom utvikling av lærlingar og praksiskandidater, seier Eldegard.

Hydro Årdal rekrutterer kvart år nyutdannede med mastergrad i tillegg til at vi utviklar egne tilsette gjennom etablerte interne utdanningsprogrammer som teknisk fagskule og industrifagskole.

Samarbeidet med Sogn Opplæringskontor og Sogn Kompetanse er kjernen i denne kompetanseutviklinga.

– Kombinasjonen av å behalde og utvikle medarbeidarar, og rekruttere medarbeidarar med riktig kompetanse vil vere avgjerande for å nå Hydro Årdal sine ambisiøse målsettingar for fremtiden, seier Eldegard i pressemeldinga.