I desember i fjor underteikna Hydro og bilprodusenten Mercedes-Benz ein avtale med føremål å utvikla aluminiumsløysingar med mindre karbonfotavtrykk. I dette stod fabrikken i Øvre Årdal sentralt, og fabrikksjef Wenche Eldegard har tidlegare omtalt det heile som «eit industrieventyr».

No har Hydro fått ekstra lønn for strevet, og det i form av ein berekraftspris frå nettopp Mercedes-Benz.

Den aktuelle prisen er ein del av Mercedes-Benz Supplier Award, ei årleg tildeling til underleverandørar som har utmerka seg innanfor dei tre kategoriane innovasjon, kvalitet og berekraft - og i år gjekk Hydro altså heilt til topps i sistnemnde kategori.

Konsernet skriv i ei pressemelding at utmerkinga kjem etter at Hydro leverte det første partiet av REDUXA 3.0 lågkarbonaluminium til Mercedes-Benz tidlegare i år.

Dette er eit aluminium som vert produsert ved Hydro Årdal.

Resirkulert aluminium på vasskraft

I pressemeldinga frå Hydro vert det lagt vekt på at det nemnde lågkarbonaluminiumet frå Årdal er produsert med vasskraft som energikjelde.

I tillegg vert det også understreka at aluminiumet inneheld eit minimum av 25% resirkulert, brukt aluminium.

Til saman gir dette eit karbonavtrykk som er rundt 70% lågare enn det europeiske gjennomsnittet - og det var altså nok til å stikka av med sigeren i Mercedes-Benz Supplier Award.

Det var konsernsjef Hilde Merete Aasheim som mottok prisen i Stuttgart på vegne av Hydro.

– Denne prisen er ei fantastisk anerkjenning av vår innsats for å fremja berekraft i aluminiumsproduksjon. Det viser at ein viktig kunde som Mercedes-Benz verdset satsinga vår på å avkarbonisera og redusera miljøpåverknaden gjennom heile verdikjeda for aluminium, sa Aasheim under tildelinga.

Stor klimasatsing

REDUXA 3.0 - aluminiumet frå Årdal har eit karbonavtrykk på 2,8 kg CO2 per kg aluminium. Metallet har vorte testa av Mercedes-Benz, og har kome gjennom utprøvingane med ståkarakter. Allereie i år skal aluminiumet nyttast i produksjonen av elbilar, og modellane EQS og EQE er blant dei som skal få dra nytte av metallet.

Lågkarbonaluminiumet er vidare eit resultat av Hydro si overordna klimasatsing. Målet er at selskapet innan 2050 skal verta klimanøytralt, og førebels er dei i rute med å redusera eigne klimautslepp med 10% innan 2025 og 30% innan 2030.

Ein kombinasjon av meir brukt aluminum og ny teknologi skal sikra at ein får til full avkarbonisering. Konsernsjef Aasheim meiner samarbeid med slike som Mercedes-Benz er sentralt for å nå dette målet.

– For å kunne levera på strategien for avkarbonisering, må me slå oss saman med føregangsselskap som Mercedes-Benz. Slike strategiske partnarskap med kundar og andre aktørar i verdikjeda er ein viktig måte for Hydro å nå våre ambisjonar om å forma marknaden for aluminium med lågt eller nær null klimautslepp, sa Aasheim.