Vest politidistrikt melder på X/Twitter om stein og jordras over E16 i Aurland klokka 16:21. Samtlege naudetatar rykkja ut til staden.

E16 er stengt ved Hylland bru, då raset har gått over heile vegbana. Vegen vil halde stengt utover kvelden.

NRK Vestland skriv at både Stalheim-, Gudvanga- og Sivletunnelen er stengde som følge av steinraset.

Vidare melder politiet at ein geolog er venta på staden cirka klokka 20:00.

Dan Erik Johannesen hjå Operasjonssentralen Vest seier at raset er stort og uoversikteleg.

– Brannvesenet har sendt opp drone for vurdera sikkerheita, seier han.

Johannesen kan ikkje stadfesta at ingen er tekne i raset, men det er heller ingen som er meldt sakna.

– Det er sendt ut ressursar til begge sidene av raset. Det er eit kjent skredløp der skredet har gått. Vegen vil nok halde stengt ei stund, avsluttar han.

Vegtrafikksentralen Vest skriv på X/Twitter at vegen held steng, og at det blir ny vurdering i morgon når det lysnar.

Omkøyring blir rv. 13 Vikafjellet, og rv. 7 Hardangervidda og E134 Haukelifjellet.

Aurland kommune melder på sine heimesider at E16 er framleis stengt i Nærøydalen på grunn av ras, men tunnellane mellom Gudvangen og Flåm er no open att. Det er førebelds ledebil gjennom Flenjatunnellen grunna vegarbeid.