Elisabeth Fjellvang Kristoffersen

Igjen skal julelysa tennast. Ei tid dei fleste av oss ser fram til. Det er god mat, familie, filmar på TV og kanskje til og med ein skitur i marka. Men for mange er jula også ei kjelde til uro. Det er gåver som skal handlast, økonomi som skal strekkje til, og for dei som har mista nokon kan høgtida vera ekstra tung.

Dette skal ikkje vera eit innlegg som skyggeleggjer julestemninga. Men eg ynskjer likevel, saman med deg, å reflektera litt over året me er i ferd med å leggje bak oss.

2022 vart diverre ikkje som håpa eller forventa for oss som jobbar med trafikksikkerheit. 111 personar som feira jul med familiane sine i fjor, vil ikkje delta på feiringa i år. Det er dei 111 som hittil har mista livet i trafikken. 111 stolar står tomme, og enda fleire har nokon å sakna. Av dei omkomne var majoriteten bilistar, men heile 21 var MC-førarar. Sistnemnde er ei 50 prosent auke frå fjoråret.

Det betyr at me er på stø kurs mot det verste året for trafikkdrepne sidan 2016.

På omtrent same tid har over 9 900 personar blitt stogga og meldt for ruspåverka køyring her til lands. Det er 27 personar kvar einaste dag og er totalt nesten 1 900 fleire enn på same tidspunkt i fjor. Dei harde tala er skremmande, men me har diverre grunn til å tru at realiteten er endå verre.

Samstundes er mørketala store; vegkantundersøkingar estimerer at det blir unnagjort over 200 000 km i alkoholrus kvar dag. I tillegg kjem anna ruskøyring, som cannabis og amfetamin. Det seier seg sjølv at majoriteten diverre ikkje vert stogga.

Sjølv for oss som jobbar med dette dagleg, er statistikken overveldande. Men dette er ikkje berre tal og grafar. Det er også nokon sine vener, familie, kollegaer og næraste. Dette er verdifulle menneskeliv som me alle burde reflektera litt ekstra over, i ei tid som handlar om samhald og kjærleik.

I fjor var mitt største juleønske ein rusfri trafikk. I år vil eg også trekkje fram eit nyttårsforsett som eg inviterer deg til å bli med på. Eit nyttårsforsett som er lett å halde, men som utgjer ein forskjell. Me skal sjå dei rundt oss, både i trafikken og i livet, og me skal tore å spørje der me ser at nokon ikkje har det bra. For ofte er det slik at store livsomveltingar og dårlege personlege tider kan føre til at ein tek val ein seinare ikkje kan endra på. Då kan den ekstra omsorga redda liv både i og utanfor trafikken.

Jula skal vera eit fjernlys i desember-mørket. Då er det ekstra viktig å tenkje på dei som i år ikkje er fulltalige. For alt i alt er me ganske like, uavhengig av sosial, økonomisk eller kulturell situasjon: Mange har mykje, nokon har mindre, men ingen har nokon å mista.