På denne tida er den årlege samlinga til Equinor sin talentleir i Porsgrunn for lovande fotballspelarar. Fleire lokale utøvarar, både jenter og gutar er uttekne, noko som viser at det gror godt i nokre av fotballmiljøa her.

Men det er all grunn til å ropa eit varsku når det, særleg av mange gutar i 14–16 årsalderen, blir snakka om utanlandske klubbar og ambisjonar og spel langt utanfor landegrensene. Det er viktig, og det er lov å drøyma, men langt viktigare å innsjå at vegen opp og fram kan vera svært lang. Her er det viktig at vaksne trenarar, leiarar og foreldre forstår kva det handlar om. Mange kan synast talentfulle, men det er treningstalenta som gjerne oppnår draumen.

Å bli toppspelar, lat oss seia i Toppserien for damer, eller Obosligaen og eliteserien for menn i Norge er eit krevjande løp. Kva som er den rette vegen er ikkje alltid lett å vita. Men dei aller fleste skal jobba godt og målretta i mange år før den draumen blir ein realitet. Overgangen frå aldersbestemt fotball til vaksenverda er gjerne nådelaus og tøff. Difor er det grunn til å håpa at det er gode rådgjevarar i klubbane som kan formidla dette, både til utøvarane sjølve, og like viktig til dei næraste. Media har ein lei tendens til å hausa opp lokale spelarar og fyrer godt opp under «proffdraumen». Og, det som fort kan bli ein vanskeleg «motspelar» der ute, dei mange pågåande agentane som er til stades på alt som er av samlingar, eller aldersbestemte landskampar. Her er det igjen viktig å vita kven ein skal stelle seg til.

Lat oss ta to døme på spelarar som lukkast relativt fort. Eirik Bakke var knapt 22 år då han gjekk til Leeds i 1999 og rett inn i Premier League. A-lagsdebuten i Sogndal fekk han som 15-åring, og debuten i eliteserien som 16-åring. Han tok dei ulike nivåa straks. Sivert Mannsverk var òg 15 år då han debuterte for Sogndal. Begge takla nivåa på ulike landslag som den største sjølvfølgje. Men desse to er utan tvil unntaka frå regelen. Dei to har nokre eigenskapar som berre svært få spelarar har – overblikk, hurtig, effektiv teknikk, «motor» og den indre «driven» for å koma vidare i utviklinga. Mange andre må jobba lenge, svært lenge, kanskje utan å oppnå draumen om spel på toppnivå i Norge eller utlandet, og som lett kan vera forventa i eit lokalmiljø.

UNG: Eirik Bakke var ein svært talentfull spelar alt som 14-åring. Her frå han KM-pokalen frå SFFK-leiar Olav Kjos Wenjum etter finalesiger mot Måløy hausten 1991.

Viss me ser på juniorlaget til Sogndal som vart norske og nordiske meistrar og spela UEFA Youth League i 2018/19, er namn som Sivert Mannsverk, Ulrik Fredriksen, Tomas Totland, Akor Jerome Adams, Eirik Lereng, Anders J. Nord, Mathias Sundberg, Adrian Solberg og Eivind Helgesen gode namn frå det laget. Dei fem første har gått vegen til spel med mange kampar i eliteserien. Anders J.

Nord og Eirik Lereng kjempar for plass på sogndalslaget. For dei tre siste er kvardagen no i Post Nord-ligaen, og vegen opp mot toppen er framleis usikker. Dei kan avgjort klara det, men det viser at det er krevjande og viktig å stå i det. Så er det vel og grunn til å minna om at fotball kan du spela i mange år sjølv om du ikkje når heilt opp. Dei fleste finn plassen sin på tredje og fjerde nivå, eller kanskje på hobbynivå. Lat ikkje det bli eit nederlag! Her trur eg mange kubbar kan vera meir opne og ha ein god, realistisk dialog med utøvarane.

For det nystarta laget, Sogndal FK Damer har sesongopninga i 2. divisjon vore storarta. Den første elddåpen eller realitetssjekken, fekk sogndalsdamene mot suverene Grei i Oslo. Eit pur ungt sogndalslag imponerte og gav oslolaget ein liten trykk i trynet. Det er såleis heilt fortent at to av spelarane nettopp deltok på landslagssamling og talentleir, Josefine Thorsnes Lefdal (15) og Nathalie Høgi (14). I tillegg er namn som Anna Grindhaug (16), Andrea Sælid Njøs (15) og Marte Hovland (17) ganske sikkert i biletet for spel med flagget på brystet.

Men det er grunn til å la desse jentene, og alle gutane som no er i posisjon til slike tiltak og kanskje landslagsspel, får lov å jobba i fred og ro dei komande åra. Treningskvardagen avgjer mykje. Å bli utfordra i lokalmiljøet, og terpa på dei avgjerande ferdigheitene, om att og om att. Berre det gjev resultat. Og det er krevjande.

Apropos Sogndal FK Damer:

Det som har skjedd med dette nye laget er ein revolusjon for damefotballen i fylket. Ambisjonane er der, og det blir jobba systematisk og godt. Med det sportslege opplegget og offensive satsinga klubben legg opp til, kan det og vera med å halda de beste spelarane i Sogndal til dei er godt vaksne. No er toppklubbane svært aktive for å kontakta og sikra seg lovande spelarar frå 15–16 årsalderen. Her kan Sogndal FK Damer utgjera ein viktig skilnad. Med den satsinga og profesjonaliseringa som no er i gang, er det langt mindre grunn til å reisa vekk i 16-årsalderen. Tilbodet vil heilt sikkert vera like bra i Sogndal som i dei fleste klubbane i Toppserien eller 1. divisjon. Så kan heller ei hospitering og treningsopphald vera aktuell.

Slik det nye damelaget i Sogndal opererer no, er kvardagen for mange av spelarane mykje lik den toppspelarar for menn har. Fosshaugane Campus og all kompetansen der dreg også damespelarane nytte av. Trening i skuletida, tett oppfølging og høg kompetanse i miljøet. Det er gode sjansar for at laget får spela i den nye 2. divisjon frå 2023, men det vil krevja enorm jobbing på alle plan. Dette veit Robert Hovland og Co veldig godt.