I løpet av årets fire første månader har 353 blitt tatt for ulovleg mobilbruk bak rattet i Vest politidistrikt. Dette er ein oppgang frå 261 frå same periode i fjor.

Det kjem fram i ei pressemelding frå Ung i trafikken.

Dagleg leiar Stig Eid Sandstad meiner dette er dårlege nyheiter for trafikktryggleiken.

– Det er skremmande at me ser ein auke frå i fjor. Mobilbruk i trafikken er alt for ofte årsaka til alvorlege ulukker. Om me fokuserer på vegen i staden for skjermen, gjer me trafikken tryggare for alle. Det kan redde liv.

Sandstad minner om viktigheita av merksemd i trafikken, og at det å vere skjerpa, rusfri og konsentrert er viktig for tryggleiken.

– Menneske sitt fokus er dårlegare enn nokon gang tidlegare. Me klarer i gjennomsnitt berre å fokusere i 65 sekund før me vert forstyrra – og då tek det 23 minutt å oppnå den same graden av fokus igjen. Det som ofte forstyrrar merksemda vår, er rus og skjermbruk. Fokuserer man på vegen i staden for skjermen, og køyrer edru så er du med på å skape ein tryggare trafikk.

Skal straffa seg

No er det også blitt langt dyrare å bruke mobilen bak rattet. Den 1. februar auka bøtesatsane for alle trafikklovbrot med 30 %. Dette vil seie at mellom anna bøtesatsen for ulovleg mobilbruk bak rattet auka frå 7450 kr til 9700 kr.

– Det er blitt veldig dyrt å bruke mobilen i bilen, den største kostnaden med mobilbruk er likevel dødsfall og hard skade. Å la mobilen liggje i lomma er eit enkelt grep alle kan ta for å gjere trafikken tryggare, seier Sandstad.

Tal frå fjoråret viser at det på landsbasis er dei mellom 25 og 34 år som oftast blir tatt med mobilen bak rattet. Denne aldersgruppa fikk ferda ut 28 prosent av førelegga (3.133 førelegg av 11.005 førelegg totalt), altså meir enn kvart fjerde førelegg. På landsbasis fikk unge under 25 år berre ferda ut 13 prosent av førelegga (1.447 førelegg av 11.0005).

– Sjølv om ungdom bruker mobilen mykje, er likevel ikkje dei yngste sjåførane dei verste i klassen, når det kjem til mobilbruk. Men når dette er sagt, så er alle ansvarlege for å skape ein så trygg trafikk som i det heile mogleg.