Klokka 16:15 fekk politiet medling om eit trafikkuhell i Sogndal sentrum.

– Det snakk om ein påkjørsel bakfrå, seier operasjonsleiar Helge Blindheim.

Uhellet fann stad ved busstoppet nær Helgheim i Sogndal sentrum.

– Det er to bilar, og to personar involverte. Det er noko materielle skadar på bilane, men det er ikkje meldt om noko personskadar, fortel Blindheim.

Ambulansen vart ikkje kalla ut, men politi og brannvesen rykka ut til staden. Det skal vere noko lekkasje på bilane. Det er ikkje avklart om politiet opprettar sak endå.

– Det ikkje mistanke om rus per no. Dette verkar som eit uhell, avsluttar Blindheim.

Vegen vart raskt opna att for trafikk.