Viktor Yttri, David Underdal, Tonje Såkvitne, Hege Eide Vik

E16 er den viktigast transportåra mellom Oslo og Bergen.

Det har vorte gjort mykje oppgraderingsarbeid på denne strekninga dei seinare åra – og det er enno mykje som kan gjerast for å betra hovudferdselsåra vår. Standardar som må stettast og reisetider som kan betrast.

Det ynskjer me velkomen – men likevel er det noko anna me set enno høgare: Trygg veg!

Diverre er ikkje trygg veg det som veg tyngst i vegvesenet sine samfunnsøkonomiske analysar.

Tunnelprosjektet mellom Hylland i Aurland kommune og Slæen i Voss herad er eit viktig prosjekt som skal løyse skredproblematikken i den utsette Nærøydalen, samt avløyse tunnelane i Stalheimskleiva som ikkje oppfyller tunnelsikkerheitsforskrifta. Denne er prioritert på ein 4. plass, som vil seie at det minimum vil gå 8 år før ein vil realisere prosjektet – om i det heile.

Og fyrst på 8. plass finn me strekninga mellom Arna og Stanghelle. Strekninga omtala som «dødsvegen» meiner vegvesenet må vente på ein eventuell ny Nasjonal Transportplan og tilrår slik å utsette prosjektet på ubestemt tid! Kor mange fleire ras og ulukker må skje på denne strekninga før noko vert gjort?

I dei første sommarferievekene har me opplevd mange stans grunna stein av ulik storleik i vegbana. Medan fagpersonar ryddar og vurderer står ferierande og lokale bilførarar i milelang kø under rasfarleg fjell. Dette er stamvegen mellom aust og vest, men for dei som bur og arbeider langs strekninga er det deira lokalveg som dei nyttar i det daglege og som dei kjenner seg utrygge på.

I tillegg er det vegen innbyggjarane i det langstrakte fylket vårt nyttar for å reise inn til «hovudstaden» Bergen.

For oss i Senterpartiet er trygg veg fyrste prioritet. Stortinget må gje Statens Vegvesen ein tydeleg instruks om at K5 skal prioriterast for å sikre liv og helse langs E16.