Klokka 16:30 melder Vegtrafikksentralen på Twitter om eit mindre samanstøyt mellom bil og ein lastebil i Gudvangatunnelen.

Ulukka vart ikkje meldt direkte til naudetatane, men vart fanga opp av VTS.

Politiet er på veg og tunnelen er stengd.

Klokka 17:01 er tunnelen opna igjen.

Operasjonsleiar Eivind Hellesund opplyser til Porten at det kun var snakk om materielle skader. Det vert ikkje gjort meir frå politiet si side knytt til hendinga.