I 17-tida skjærtorsdag rykka politiet i Innlandet ut til ei ulukke ved skianlegget på Tyin.

Ein mann i 20-åra kolliderte med ein snøscooter i ei av skiløypene. Føraren av snøscooteren var ein lokal yngre mann.

– Det skjedde ein kollisjon mellom dei der langrennsløypa kryssa alpinløypa, fortel politistasjonssjef i Valdres, Kristoffer Magnus Tessem til Porten.

Tessem opplyser også om at snøscooteren ikkje var tilknytt skianlegget.

Skiløparen vart henta ut av Røde kors og ført vidare til sjukehus. Han skal ha fått eit brot i lårbeinet.