Utfordrande føre gjorde det vanskeleg for bilistar fredag formiddag. Vegvesenet melde fyrst om innføring av kolonnekøyring mellom Aurland og Hol.

Laurdag var fjellovergangen stengd, men opna igjen seinare på dagen.

Pent vêr

På fylkesveg 53 mellom Årdal og Tyin var det fare for stenging fram til klokka 18:00 fredag. Det opplyste vegtrafikksentralen via sms-varsel fredag ettermiddag. Kort tid etter stengde dei vegen.

Fjellovergangen vart opna igjen laurdag.

Elles er det bra føre over dei resterande fjellovergangane i Sogn. Riksveg 52 over Hemsedal er open, men det kan verte innført kolonnekøyring på kort varsel.

E16 over Filefjell og riksveg 13 over Vikafjellet er opent for fri ferdsel.