Rasmus Mo

Eg har ikkje akkurat skapt meg eit namn som fotballspelar. Min karriere slutta etter 20 minutt som målvakt for Syril sitt småguttelag i nittenhundre og pil-og-boge. Eg har heller aldri hengt meg på å heia på eit lag frå dei britiske øyar. For meg handlar det om Sogndal Fotball. Lidenskap, Entusiasme og Begeistring. Stoltheit.

I min barndom var det aldri snakk om om me skulle på kamp, alle skulle det. Anna kvar sundag kl. 13:00 sat me som sild i tønne på Haugadn.

50 år seinare, er eg like stolt og glad i denne klubben. Den er ein stor del av identiteten min. Det handlar om å høyra til. Uansett kvar eg har vore i livet mitt, har applausen over kva denne klubben, dette laget, har fått til erobra rommet. Klubben frå Saftbygdi som i snart 50 år har vore ein del av toppfotballen i landet vårt og mange av desse åra vore i kampoppsettet til eliteserien. Korleis får de det til? Mitt svar har stort sett vore at Sogndal er m a god på vera seg sjølv. Prestera uti frå eigne føresetnader.

Og kva er so desse føresetnadene? Eg har aldri tenkt at me ikkje kan slå dei store klubbane på bana. Eg har aldri vore uroa når me har seldt spelarar. Men, eg veit at det er utfordringar når det gjeld økonomi og korleis klubben skal styrka den. Me er ein folkefattig region, me har eit konkurranseutsett næringsliv. Dette gjer at me er færre på tribuna enn i Bergen og at me har ein mindre pott å hente frå næringslivet enn dei me likar å samanlikna oss med.

Sogndal Fotball ser stadig nye vegar for å skaffe den nye fotballøkonomien. I årevis har ein i tillegg til å driva eit aktivt marknadsarbeid, arrangert festivalar, fotballskular, Lerumcup- og andre cupar, næringsliv- og sponsorsamlingar, frukostar og middagar. Dette har dei gjort i tillegg til å skapa attraktive kamparrangement.

Mykje av æra for dette skal ein og gi til frivilligheita i bygda og klubben. Alle desse føresette som stiller opp for å gjera dette til positive arrangement.

Fotballen og eiendomsselskapet på Fosshaugane Campus har kvar sin økonomi. Det er både smart og klokt. Samstundes er det ikkje tvil om at det er ein enorm omdømmepremiss at ein i felleskap har skapt dette eventyret på Fosshaugane Campus. Det handlar om klubben som har tenkt større enn seg sjølv; samhandla med kommune, fylke, stat og næringsliv for å utviklinga ein arena for læring utvikling. Dette er ikkje berre heimebana til Sogndal Fotball, Sogndal FK Damer og Fjøra, men og heimebane for 3-4000 elevar og studentar. Arbeidsplassen til over 1000 personar.

Eg har vore frivillig i klubben sidan 1985, vore tilsett og til og med hatt gleda over å vera leiar. Er og so gamal at eg fekk oppleva Sogndal som ein av cupfinalistane på Ullevål. «Sogndal tapte kampen, men vann alle sitt hjarte», var overskrifta i landets aviser mandagen etter. Mellom anna mitt.

Eg har eit indarleg ynskje om at mange skal kjenna på kor godt det er å ha noko å vera stolt av, saman. Sogndal er vorte aktivitetsbygdi. Mange flotte aktivitetar er skapt og vert drivne fram av gode folk som vil oss alle vel. Eg trur at fotballen har vist veg. Me får til det me vil.

Sogndal Fotball er ei merkevare for oss alle. Det finst ikkje ei bygd i landet vårt som får namnet sitt presentert i media so ofte, som Sogndal.

No har klubben invitert oss til å vera med i «Målklubben». Dette er noko me alle kan vera med å bidra i. Det handlar om å gi ein skjerv kvar gong a-laget scorar. Den nye fotballøkonomien. Melder me oss inn her, so kan me sjølv velgja kor mykje me ynskjer å bidra med. Lett å melda seg inn og lett å melda seg ut.

Me må bygga suksess utifrå våre eigne føresetnader; dette er ein måte å bidra til at me og i framtida kan møtast på Haugadn å sjå fotball, diskutera, salutera og av og til vita betre.