Line Hillestad

Eg synast meiningsinnlegget ditt, Trude Gjermo Nessestrand, fortener eit svar, kanskje ikkje for min eigen del eller valkampen sin del, men for Årdal.

To parti stiller til val, at det er få, det er eg samd i. Eg skulle gjerne sett at både Senterpartiet og Rødt var med vidare. Men utgangspunktet til valet no er to parti, Arbeidarpartiet og Høgre. Felles for alle listekandidatane, uavhengig parti, er at alle vil det beste for bygda, ut ifrå sine verdisyn og sine meiningar. Eg stiller meg stolt bak – fridom, likskap og solidaritet. Og eg meiner, at det er dei verdiane me treng for å utvikla Årdal vidare.

Årdal er ein trygg stad å veksa opp, det vågar eg å seie. Urett skjer i Årdal og, som alle andre stadar. Å seia noko anna ville vore utopi.Årdal har utruleg mange gode kvalitetar. Eg er stolt over heimbygda mi, og no kjende eg på, at det du skriv er ei urett mot staden der eg har vakse opp, der eg har danna venskap i barnehage og på skulen, der eg har valt å busetta meg som vaksen, der eg har valt at barnet mitt skal gå i barnehagen og på skulen, og der eg sjølv har valt å jobbe.At det er utviklingspotensial i Årdal, det er det absolutt. Hadde me ikkje hatt utviklingspotensial, trur eg me hadde hatt ei stor utfordring i møte med framtida.

Me lev i ei verd, som stadig er i utvikling, og det kan på sett og vis kjennast som om utviklinga går fortare enn ein klarar å henge med. Eg trur den gjere det og, for alle, ikkje berre for Årdal. Me skal utvikle Årdal, til å stå støtt i framtida. På mange område vil eg seia at Årdal ligg godt framme, på vegen mot framtida.

Så Trude, du skal få seia at du meiner at eg som har vore fast representant for Arbeidarpartiet i fire år i kommunestyret og vore med på mange av sakene du også refererer til har gjort ein dårleg jobb, det toler eg. Men eg synst det er urett å svartmale bygda vår, Årdal, i eit meiningsinnlegg. Ikkje alt du skriv i innlegget stemmer med fakta, knytt til saker du refererer til. Skal ein ytre så sterke meiningar, bør ein i alle fall ha med fakta som samsvarar med realiteten.

Utvikling handlar om å byggje vidare på det me har, og på det potensialet som er i bygda vår. Då lyt me løfta blikket, bruke ressursane me har, ta grep om potensialet og nytte all den gode kunnskapen og kompetansen me har i bygda. Skal me lukkast med utvikling krevjast det eit samarbeid mellom kommunen, næringslivet, industrien og frivillige lag og organisasjonar. Me løyser oppgåver best saman.

Det kan bli spisse olbogar i slutten av ein valkamp, men framsnakk Årdal. For sjølv om me er misnøgde av og til, sjølv om ikkje alt er akkurat slik me vil ha det heile tida, så er Årdal ei bygd me verkeleg kan vera stolt over. Årdal fortener utvikling inn i framtida, og Årdal fortener at me som listekandidatar og innbyggjarar elles ser det gode i bygda, ser potensialet, framsnakkar og er med å gje bygda eit godt omdøme.

Godt val og lukke til med innspurten av valkampen.