Torleif Sand

Hei Albert

Eg var til stades på valmøtet i Årdal på måndag 4.september. Der hadde du nokre uttalelsar om Hydro sine intensjonar, og kor vidt dei meina det dei seier. Grunnen til at eg skriv dette brevet er at eg har nokre spørsmål om kva du eigentleg meina om industriutvikling i Årdal.

Slik eg opplever Hydro frå innsida, er intensjonane og ambisjonane med dei norske smelteverka klare og tydelege; me skal utvikle verka til å bli dei beste på kvalitet og ikkje minst karbonfotavtrykk i verda, og det i samspel med lokalsamfunna, det andre næringslivet på plassane, og ikkje minst arbeidarane. Så etterlyser også me tillitsvalgte at orda blir følgt opp med handling, som me alltid har gjort.

I Årdal har dette m.a. ført til restart av PFA1 maskina med resirkulering av brukt aluminiumsskrap, installering av nytt styresystem (HAL 5000), investeringar på rundt 200 millionar og 14 nye arbeidsplassar. Dette er ikkje investeringar nokon gjer på noko som skal leggast ned!

Framtidige planar er dei meir uklare rundt. Me etterlyser at Hydro er heilt tydelege på kvifor dei treng meir kraft, og kva dei ønskjer å bruke krafta til. Skal me få 420 kV-linja frå transmisjonsnettet inn til Årdal, må Hydro og andre næringsaktørar vere tydelege og klåre på kva dei ønskjer å bruke den auka kapasiteten til.

Men det aller viktigaste er: Kraftprisen for industrien må halde seg under 40 øre/KWh. Ellers er konsekvensen at industrien ikkje lengre er konkurransedyktig.

Eg håpar me er samde så langt. Derimot kan det verke som om me er usamde når det kjem til kva som trengs i framtida. Eg meiner at vi treng meir kraft, også etter at nytt nett er på plass, fordi vi må gjere fleire tiltak for å kutte klimagassutslepp frå metallverket, både på kort og lang sikt. Ikkje minst er det naudsynt å få på plass CO2-fangst og lagring, som Hydro jobbar med. Å kutte utslepp er viktig for miljøet, helsa og klima – og fordi det er god butikk i tillegg. Og god butikk er lik arbeidsplassar i langt perspektiv.

Då er me kanskje ved kjernen: Mitt syn er at dersom me har gjennomført dei andre tiltaka, for nettutvikling og energieffektivisering, og me framleis har behov for meir kraft til å utvikle industrien i Årdal, bør me også vurdere vindkraft. Føresetninga er at vindkrafta kan utviklast utan at konsekvensane blir for store for naturen. Det veit me først om det vert gjennomført ei grundig fagleg konsekvensutgreiing. Verken Hydro eller For Folk og Fjell sit med fasiten. Her trengs uavhengige faglege vurderingar.

Så kjem tvila eg sit att med etter folkemøtet. Det er ingen tvil om at det er heilt greitt å ha ulike meiningar, og støtte dei opp med gode argument. Heilt greitt å vere einige om å vere ueinige. Men å skulde motparten for ikkje å vere ærleg, og ha skjulte motiv – er det verkeleg nivået me skal debattere framtida til industrien vår på?

På Helgemorgen i NRK radio, helga før folkemøtet, kunne eg noko sjokkert høyre ein professor frå Norges Handelshøgskole komme med løysinga på utfordringane våre med arbeidskraft og energi. Nemleg å legge ned heile den norske smelteverksindustrien. 25000 arbeidsplassar, 80 % av den samla eksportindustrien vår. Rett nok vart dette motsagt på det sterkaste av Snorre Skjevrak frå Industri Energi, og Fredric Hauge frå Bellona. Men når slike tankar kjem opp til overflata, har dei sikkert bobla under i lang tid. Difor nokre spørsmål til deg, Albert:

Sjølv meina eg at smelteverksindustrien i Noreg har ei lysande framtid. Meina du det same?

Sjølv meina eg at me har plikt til å kutte klimautslepp. Meina du det same?

Då eg vaks opp på 70-talet fekk eg lære at ingeniørar er folk som tek tak i utfordringar og jobbar med engasjement og iver for å komme opp med tekniske løysingar. Kunne me saman ha skapt historie heller enn å freiste stoppe den? Her er det mogeleg å finne mange forskjellige løysingar med mange forskjellige teknologiar.

Er ikkje det ein ingeniør sitt draumescenario?