Tidlegare laurdag vart det iverksatt ein leiteaksjon i Myrdal langs Bergensbana etter funn av eit telt i området. Politiet opplyser om at teltet har stått tomt i fleire dagar.

Det er enno ingen konkrete opplysningar om kven eller kor mange som har oppholdt seg i teltet.

I følgje politiet er det ingen som er sakna i området.

I løpet av laurdagen har store ressursar frå både politi og Røde kors vorte sett inn, og jobbar no med søk og informasjonsinnhenting.

Politiet driver også etterforskning og innhenting av informasjon for å finna ut kven som eig teltet, og om nokon kan ha gått frå teltet og ut i fjellområdet.