Vegtrafikksentralen melder klokka 15:03 om eit trafikkuhell i Sogndal, ved Kløvhola ved Årøyvegen.

To bilar skal vera involverte og vegen er sperra. Naudetatane er på plass.

110 Vest melder at brannvesenet er framme og at det er ein del materielle skadar, men ikkje alvorlege personskadar.

Klokka 15:46 vert det igangsett med manuell dirigering forbi staden. Det opplyser Vest Politidistrikt på Twitter.

Tre personar er involvert i ulukka. Alle er oppegåande og blir tekne med til legevakt.

Årsaka til hendigna er framleis ukjend. Bilbergar har rekvirert ein bil.

Me oppdaterer saka.