Innbygd element

Det tok ikkje lang tid frå formannskapsmøtet hadde starta til ordførar Hilmar Høl kom med eit ynskje om debatt til komande kommunestyremøte.

Det var ikkje mykje opposisjon til det ynskje, men temaet vart teken opp igjen under diskusjonen om ny regional plan for fornybar energi i fylket.

Stadig større elektrifiseringsbehov, meir fornybar kraftproduksjon, ny industri og endra forbruksmønster aukar presset på kraftsystemet noko som gjere det høgt relevant å ta opp debatten om vindmøller i Årdal kommune.

Tydeleg imot

Diskusjonen omhandla i denne omgang ikkje dei fyrste planane om vindmøller frå i haust der svenske Arise AB ville etablera vindmøllepark på Bøttejuv, men heller om områda sør for Sletterust som det norskeigde selskapet Fred. Olsen Renewables føreslo.

Det vart nesten ein høglytt diskusjon då fjellområda i kommunen vart diskutert under formannskapsmøtet.

IMOT: Marie-Helene Hollevik-Brandsdal (Ap) var klar på at Sletterust er eit hytteområdet. Foto: Lasse Styve Andersen.

Både Kjell Arvid Heen (Sp) og Marie-Hellene Hollevik-Brandsdal (Ap) var tydelege på at Årdal kommune skal vera ein hyttekommune og difor bør kommuen seie pent nei til å etablera vindmøllepark i desse områda.

Vasskraften i fjella er allereie godt utbygd meinte Heen, og var tydeleg på at eit slikt prosjekt vil få svært negative konsekvensar for både jakt og hyttelivet rundt Sletterust.

– Me har sagt at me skal vera ein hyttekommune. Me skal legga til rette for hytteomårde, altså eit område for jakt og tur. Det er snakk om enorme naturinngrep.

UROA: Kjell Arvid Heen (Sp) er ikkje nøgd med tanken om å settje hjortebestanden i fjella på spel. Foto: Lasse Styve Andersen

Årdal kommune må også sjå på dette i samanheng med nabokommunane i Innlandet og Breheimen.

Det var breid einigheit i formannskapet om at kraftforsyninga i kommunen ikkje skal gå utover verken naturen eller hjortebestanden i området.