Det melder Statens vegvesen i ei pressemelding.

Arbeidet med utbetring av Rv13 mellom Bondeviki og Fardal har pågått i snart to månader. Det er mykje synleg aktivitet på strekket, spesielt innanfor arbeida med masseuttak.

– Trafikkflyten har vore god

– Entreprenøren har no teke ut om lag 20 prosent av det estimerte volumet med sprenging, seier byggjeleiar Kristian Slinde i Statens vegvesen. Denne mengda svarer til 10.000 kubikkmeter med sprengd stein.

Fram til no er det sprengingsarbeid, etablering av riggområde og skogrydding som har vore dei tre største aktivitetane.

ENDRA TRAFIKKFLYT: So langt har trafikkflyten vore god, men heretter vert det to strekningar med lysregulering i staden for éin. Foto: Statens vegvesen

– Dette har medført lysregulering og stogg av trafikken den siste tida, men trafikkflyten har vore god, legg Slinde til.

Det er viktig at trafikken flyt godt, både for at trafikantane skal bli minst mogeleg hindra og for at entreprenøren skal få flyt i arbeidet sitt.

Startar lengre mot vest

Fram til no har arbeidet med prosjektet pågått på delen av strekninga nærmast Sogndal. Entreprenøren kjem no til å starta ogso på den vestlege delen av prosjektet, nærmare Fardal.

Her vert det i fyrste omgang sprengingsarbeid og massehandtering.

Dette gjer at det no vert to soner med lysregulering i anleggsområdet. Trafikantane må difor bu seg på noko meir venting enn det har vore siste tida.

For siste informasjon, sjå trafikkmeldingane til Statens vegvesen på 175.no.

Lokal entreprenør

Fosse Maskin og Transport AS frå Vik er entreprenør på prosjektet, etter å ha levert eit tilbod på dryge 60 millionar kroner pluss moms.

Kontrakten vart signert i august, og anleggsarbeidet starta i september.

Vegstykket vert gjennomsnittleg trafikkert av 2.737 køyrety per døger. Ni prosent, eller om lag 270, av desse er lange køyrety.