Einar Rysjedal og Hedda Andrine Skår Indrebø

Lars Kjetil Skeie, leiar i Høyanger Kjemiske Industriarbeidarforeining, og kollega Torleif Sand i Årdal Kjemiske Fagforeining, har eit tankevekkjande innlegg i avisa. Dei stiller spørsmålet Vindkraft i Årdal og Høyanger? og ønskjer at «debatten framover må vere kunnskapsbasert».

Alle må vere einige med Skeie og Sand når dei skriv at «det er pris og tilgang på elektrisk kraft som no er ein trussel».

Før vi går vidare: Hydro og Statkraft gjorde for 2 veker sidan ein viktig kraftavtale. Noregs største næringslivsavis, E24, skriv at «Statkraft skal levere 0,44 terawattimer (TWh) strøm per år i det midtnorske prisområdet NO3, hvor Hydros anlegg i Sunndal og Høyanger ligger.»

Det er kanskje ikkje tilfeldig at kraftleveransen skjer i NO3. Vårt straumprisområde er mindre påverka av EU-kontinentale og britiske kraftprisar enn sørlegare deler av Noreg. Prispåverknaden er pga. den prisimporten som følgjer av uregulert krafteksport. Det var ikkje utan grunn at tidlegare energiminister Tord Lien frå Frp, såg krafteksport som eit middel for prisauke.

Når prisimporten ikkje har slått ut i NO3-området, der både Høyanger og Sunndalsøra heldigvis ligg, skuldast det bl.a. manglande nettkapasitet over Sognefjorden. Dette vil dessverre Statnett gjere noko med og byggjer forsterka kraftlinje over fjorden. Dermed vil EU-kontinentale og britiske kraftprisar kome seg nordover slik kraftbransjen sin våte draum er.

Myndigheitene burde heller bidrege til betre nettkapasitet i forhold til Høyanger og Årdal. Når det faktisk er elektrisk kraft tilgjengeleg, er det bl.a. nettkapasiteten lokalt som blir avgjerande. Avgjerande for om den elektiske krafta kan brukast til å skape fleire Hydro-arbeidsplassar i distriktet, eller om krafta skal ut eksporterast ut av landet.

Så kjem det stadig tilbakevendande spørsmålet: Men er her kraft som kan brukast? Er verkeleg vindkraft einaste svaret? Tidleg på 90-talet starta Hydro ein kampanje for at gasskraft i Noreg var den einaste utvegen for utviding av norsk aluminiumsproduksjon. Noko særleg gasskraft-produksjon blei det ikkje i Noreg. I 2004 starta Hydro den største elektrolysehallen sin, SU4, på Sunndalsøra. Gasskraft var ikkje svaret.

Hydro snakkar ikkje om gasskraft lenger. No er det visstnok vindkraft frå Sletterust og Snøheia som er løysinga. Det er det neppe. Like lite som Hydro Aluminium var tent med å få klimautslepp frå gasskraft oppå sine eigne klimautslepp, vil selskapet ha god PR av å utfordre den internasjonale avtalen om naturmangfald.

Det er skapt eit inntrykk av at vi må byggje ut vindkraft fordi det er den einaste krafta vi kan få tidsnok fram (om 6-7 år, blir det hevda).

Dersom Hydro synes vindkraft innan 6-7 år er akseptabelt, har vi eit tips. Regjeringa sin energikommisjonen skriv at innan 2030, dvs. innan 7 år, kan det hentast 20 TWh (20 milliardar kilowattimar) på energieffektivisering.

Desse 20 TWh er elektrisk kraft som også Hydro Høyanger og Hydro Årdal kan få tilgang til og bruke til utvida elektrolyseproduksjon, ny teknologi og nye arbeidsplassar. Hydro sitt omdøme er betre tent med slik kraft enn å insistere på vindkraft som går på naturen laus og provoserer fram folkeleg motstand og splid i dei lokalsamfunna som selskapet er avhengig av for å få sine økonomiske resultat.