Tysdag gjekk fristen for einigheit i jordbruksoppgjeret 2023 ut. Saten og jordbruket er tysdag einige om ein avtale.

Ein auke i inntektsmoglegheitene på 23 % inngår i avtalen.

Avtalen bidrar til å kompensere for auka kostnader og legg opp til å redusere avstanden til andre grupper med 60.000 kroner.

– Regjeringa viser med all tydelegheit at me prioriterer nasjonal matberedskap. Denne semja mellom jordbruket og staten vil bidra til å trygge matproduksjonen over heile landet, matsikkerheit og auka sjølvforsyning, seier landbruks- og matminister Sandra Borch i ei pressemelding frå regjeringa.

Mjølkeproduksjon

Norsk mjølkeproduksjon er i ein utfordrande situasjon, som følgje av auka kostnader, redusert etterspurnad og konkurranse frå import.

– Mjølkeproduksjon er ei berebjelke i norsk matproduksjon. Melkeprodusenter får økt målpris og ei betydeleg auke av distriktstilskot og husdyrtilskot, seier Borch

– Avtalen løfter inntektene for alle bønder, og for alle produksjonar. Vi opplever at regjeringa ønsker å prioritere verdien av matproduksjonen. Det er viktig skal bonden framleis ha tro på jobben som matprodusent. Men jobben med å løfte bondens inntekt er langt frå over, seier bondelagsleiar Bjørn Gimming i ei pressemelding frå Bondelaget.