Fylkesveg 53 over Årdal - Tyin opna etter ei lengre nattestenging enn fyrst antatt. Vegen opna like før klokka 12:00 men vart stengt igjen fredag ettermiddag grunna skredfare.

Fylkesveg 50 mellom Hol og Aurland er framleis stengt grunna uvêr, ny vurdering klokka 10:00. Det same gjeld riksveg 13 over Vikafjellet, her er det også fare for ras. Ei ny vurdering er sett til klokka 18:00.

Riksveg 52 over Hemsedalsfjellet var det meldt om kolonnekøyring, men er no open for fri ferdsel.

E16 Filefjell er som vanleg open for trafikk.

Elles på vegen:

På fylkesveg 53 ved Kolnostunnelen i Årdal er fartsgrensa redusert til 50 km/t på grunn av vegarbeid. Arbeidet føregår frå klokka 08:00 til 15:00.

Det er og meldt om manuell dirigering på fylkesveg 53 mellom Steiggjetunnelen og Naustbukttunnelen på grunn av vegarbeid. Det vert arbeida i ein av tunnelane om gangen. Her kan ein måtte vente i inntil 15 minuttar.

I Luster har det skjedd litt av kvart i morgontimane fredag. Fylkesveg 5637 ved Almhol var stengd grunna snøskred.