I halv elleve tida torsdag kveld meldte Vest politidistrikt om ein pågåande redningsaksjon i Sogndal i Sogndalselvi.

Ei gruppe personar skal ha bada i elva og ein av dei ikkje lenger er å finne igjen.

Frivillig mannskap vart kalla ut. Redningsskøyte og redningshelikopter er sendt mot staden. Naudetatane er på staden.

Naudetatane og frivillige har gjennomført betydelige søk både langs elva og i sjøen, utan funn. Politiet har komme i kontakt med den navngitte sakna personen, og han er i god behald. Det dreiar seg truleg om ei missforståing, skriv Vest politidistrikt.

Søket vart avslutta.