Eit vogntog har køyrd seg fast på veg opp Vikafjellet, det melder Vest politidistrikt på Twitter.

Vogntoget var på veg opp Vikafjellet frå Vik-sida og står fast i Storesvingen. Den sperrar no vegen i begge retningar.

Politiet melder at dei er på veg.

Fri ferdsel

Etter litt over ein halvtime melder Vegtrafikksentralen at vogntoget har kome seg vidare.

Det er no fri ferdsel.