Anita Haukås Oppedal

Motvind VEST er regionlag for Motvind Norge, ein medlemsorganisasjon med oppunder 20 000 medlem nasjonalt. Me har 3600 medlemmer i Vestland fylke og regionlaget representerer desse.

Vårt formål er å stanse natur- og miljøøydeleggjande og ikkje berekraftig industriell vindkraftutbygging. Organisasjonen er opptatt av at føre-var prinsippet må gjelde både for vindkraft på land og til havs.

Me ber politisk og administrativ leiing og alle lokalpolitikarar om å sørgje for at følgjande punkt vert ivaretatt når vindkraft er tema i Årdal kommune.

  • Opne og demokratiske prosessar – sikrar medverking og senkar konfliktnivå

  • Kunnskap om lovverk i vindkraftsaker og korrekt informasjon – varetar innbyggjarane sine rettar

  • Respekt for politiske vedtak – ein sjølvsagt del av lokaldemokratiet

  • Omsyn til alle – natur, villrein, friluftsliv og turisme, naboar, grunneigarar, folkehelse, trivsel og tilflytting.

Opne og demokratiske prosessar

Me har den siste tida med stor interesse fulgt mediedekninga og lokale prosessar rundt vindkraftplanane i Årdal kommune. Me registrerer at kommunedirektør og ordførar gjennomfører lukka møter med Fred Olsen Renewables, Årdal Energi og Hydro.

Hemmeleghald fører til at innbyggjarane får lite informasjon og dermed avgrensa moglegheit til å kome med viktige innspel og korrigeringar i saka. Me stiller spørsmål ved om andre politikarar og kommunestyrerepresentantar har vore informert om utviklinga.

Framgangsmåten er til hinder for ansvarlege, demokratiske prosessar og vil berre auke konfliktnivået. Det bør vere i alles interesse å unngå dette.

Kunnskap om lovverk i vindkraftsaker og korrekt informasjon

Gjentatte gonger er det gitt misvisande informasjon om at kommunen kan si nei i fleire omgangar dersom det opnast opp for konsekvensutredning av vindkraft. Me stiller spørsmål ved om ordførar og kommunedirektør formidlar korrekt kunnskap om kommunen si rolle i konsesjonsbehandling av vindkraftsaker.

Dessverre er lovverket slik at kommunen ikkje har beslutningsmyndigheit etter at NVE har tatt ei sak til behandling, men berre er høyringspart på linje med alle andre. NVE gjennomfører konsekvensutredning, vegar fordeler mot ulemper og gir konsesjon. Kommunen kan ikkje stanse denne prosessen.

Kommunen er arealmyndigheit og har ein einaste sjanse til å stanse ein vindkraftprosess – også etter at konsesjon er gitt. Denne moglegheita ligg i å ikkje gje dispensasjon frå gjeldande arealplan etter plan- og bygningsloven § 19–2. Frå sentralt politisk hold er det stort press på å få i gang behandling av nye vindkraftsaker. NVE har tidlegare godkjent dårlege naturkartleggingar og gitt løyve til vindkraftutbygging i svært verdifulle og sårbare naturområde.

Eit overordna politisk krav om meir vindkraft vil påverke NVE sine avvegningar. Det er overvegande sannsynleg at det blir vindkraft i Årdalsfjella dersom det opnast opp for konsekvensutredning og kommunen stiller seg positiv til dette.

Respekt for politiske vedtak

Kommunestyret i Årdal vedtok i februar ein uttale om at tålegrensa for vidare landskapsinngrep i naturen til vindkraft er nådd. Da er det særleg bekymringsfullt at kommunedirektør og ordførar aktivt forsøker å leggje til rette for vindkraftutbygging stikk i strid med vedtaket.

Ordførar Hilmar Høl har på eige, personleg initiativ invitert Hydro og Årdal Energi til å ta over vindkraftprosjektet med håp om å auke lokal støtte. Me ber alle kommunepolitikarar om å respektere kommunen sitt vedtak, og sørgje for at ingen vindkraftprosjekt takast til behandling før kommunestyret sitt vedtak eventuelt er endra gjennom demokratiske prosessar.

Omsyn til alle

Årdal er ein industri- og naturkommune med fantastiske moglegheiter innan begge område. Årdal sin industrihistorie er som kjent ikkje ein rein suksesshistorie. Utslepp frå aluminiumsverket har skadd både natur og dyreliv. Bønder har måtta slakte buskapen sin og flytte frå garder.

Vindkraft er svært krevjande tiltak med store konsekvensar for både natur og folk. Det må aldri bli slik at ein ide om å utvikle industri trumfar alle andre omsyn. Det er mykje som står på spel og difor må det vere eit klart krav at all informasjon er sannferdig og nøyaktig. Hydro sine forretningsplanar og kraftbehov må vurderast nøye. Andre omsyn må omtalast og vurderast før kommunestyret opnar opp for å endre vedtak om nei til vindkraft.

Kunnskap om naturverdiar og ansvar for villrein er viktig. Rettane til grunneigarar og naboar skal verte ivaretatt. Natur og friluftsliv er ein viktig berebjelke for Årdal saman med industrien. Turisme er eit satsingsområde. Naturen er også viktig for tilflytting og rekruttering av arbeidstakarar til Årdal.

Kommunen har ansvar for folkehelse. Vindkraftutbygging splitter bygder og naboar slik at det går på helsa laus lenge før ein utbygging er avgjort. Det kan dessverre bli årelange konfliktar. Dei fysiske inngrepa og konsekvensane dersom vindkraftanlegget byggjast er også store og inngripande. 200 – 250 meter høge vindturbinar på toppen av fjell og åsar som leggjast flate. Breie vegar må sprengast fram til toppane, gjennom myr og leveområde for dyra som ferdast der. Villreinen er særleg sårbar og ein ansvars-art for Noreg. Turbinane sveivar rundt, lagar støy og blinkar – døgnet rundt. Landskapsverdiar endrast i mils omkrets, langt inn i Jotunheimens rike.

Si nei til konsekvensutredning av vindkraft. Snakk med innbyggjarane først. Gje folk i Årdal eit lokalsamfunn som dei ønsker å vere ein del av.