Fosshagen utdanningsbarnehage og privateigde Stedje barnehage er utnemnde til lærarutdanningsbarnehagar dei neste fire åra. Det skriv Sogndal kommune på sine heimesider.

Også Kvåle skule er plukka ut til å vera lærarutdanningsskule i same perioden.

Statusen som lærarutdanningsbarnehage eller -skule inneber eit forpliktande samarbeid med Høgskulen på Vestlandet om å fremja og utvikla kvalitet i barnehagen og skulen og høgare utdanning.

Dette vil kunne gje gode rekrutteringsmoglegheiter. Fosshagen utdanningsbarnehage, Stedje barnehage og Kvåle skule er no sikra mange studentar i praksis dei komande åra.

– Fleire tilsette i begge barnehagane og Kvåle skule har teke vidareutdanning i rettleiing, og dei har eit solid system for å ivareta studentar, samt å delta i forskings- og utviklingsprosjekt i samarbeid med Høgskulen på Vestlandet, skriv kommunen.

Dette vert andre perioden til Fosshagen utdanningsbarnehage, medan Stedje barnehage og Kvåle skule er nye som lærarutdanningsbarnehage/-skule.

Ordninga med lærarutdanningsbarnehagar/-skular i Vestland starta med eit pilotprosjekt i 2020-2024 der Fosshagen utdanningsbarnehage var med i piloten. Når ordninga no skulle vidareførast for fire nye år, fekk 15 kommunar som har signert samarbeidsavtale med Høgskulen på Vestlandet invitasjon til å søkja.