Klokka 15:32 melde Vest politidistrikt på X om eit trafikkuhell ved Saltkjelen i Lærdal.

– Me fekk inn melding frå eit vitne klokka 15:20 om ein bil som køyrde ut i ein sving, fortel Helge Blindheim hjå operasjonssentralen vest.

Det var ein eldre mann som var førar av bilen. Politiet tok førarkortet i beslag, og har oppretta sak.

– Me meinar føraren ikkje har våre aktsom, då han har køyrt rett ut i ein sving der det ikkje er nokon hinder. Heldigivs var føraren uskadd, og det er ikkje mistanke om rus, fortset Blindheim.

Blien sto fast i grøfta og bilbergar vart kontakta.

– Det var ingen airbag som vart utløyst, og mannen var åleine i bilen, avsluttar Blindheim.

Klokka 16:30 meldte Vest politidistrikt på X at politiet var ferdig på staden.