Malén Røysum, Tore Feten

Kommune- og fylkestingsvalet er like om hjørnet, og for Sogndal kommune sitt vedkomande er det fleire parti som har lansert sine listetoppar som ordførarkandidatar. For nokon kan valet vere enkelt, medan andre tykkjer det er vanskeleg å velje. Me vil prøve å hjelpe dykk med det valet.

Hausten 2019 var det framleis mykje som stod att i prosessen med samanslåinga av tre kommunar til ein. I tillegg til fleire skifte i toppleiinga i administrasjonen var korona-epidemien med på å stikke kjeppar i hjula for ein smidig overgang. Arnstein har heile vegen stått fram som ein samlande leiar, og har ført kommunen vår dit me er i dag – godt rusta for dei utfordringane som ligg framfor oss. Det gode arbeidet har mellom anna synt seg gjennom ei utmerking som ein av dei beste vertskommunane for næringsutvikling, og årleg prosentvis auke i innbyggartal er mellom dei høgaste i landet. Faktisk så høg at framskriving til 2050 spår at Sogndal vil vere den yngste kommunen!

Arnstein er pedagogisk utdanna, noko me meiner syner att i leiarstilen hans. Dei fleste vil kjenne seg att i ei beskriving av han som kunnskapsrik, reflektert og tolmodig, men samstundes tydeleg når det er behov for det. Hans lange politiske erfaring, mellom anna som utvalsleiar i samferdsleutvalet i Sogn og Fjordane i 6 år, har gjeve han eit nettverk som kjem godt med i rolla som ordførar. Sentrale politikarar er stadig på besøk, noko som bidreg til å setje Sogndal sine behov i fokus inn mot Storting og Regjering.

Sogndal kommune treng ein samlande ordførar også komande kommunestyreperiode. Ynskjer du, som oss, at han skal få halde fram den gode utviklinga kommunen vår er inne i, er valet enkelt. Stem Senterpartiet i Sogndal! Godt val!