Kristian Furset Skaar kjem frå Svelgen i Bremanger og har i alle år reist heim for å feire jul med familien. Annakvart år med mor og far.

Etter at han skaffa seg sin eigen bustad i april, kjende han på ønsket om å gjere noko anna.

– Når og korleis kom du fram til den ideen?

– Etter at eg kjøpte meg hus, så tenkte eg på at dette var noko eg hadde lyst til å gjere. Eg var i ein posisjon i livet der eg hadde overskot til det.

Inspirert av solidariteten under pandemien

Kristian fortel at han var inspirert av solidariteten han var vitne til under pandemien.

Ikkje minst var det fint å sjå at hjelpa strekte seg fram mot jul etter at pandemien var over:

– På Finn.no vart det etablert eigne hjelpesider, og det vart meir og meir private engasjement der ein ville hjelpa andre.

Han opplever det som om solidariteten har utvida seg litt frå Frelsesarmèen sitt suppekjøkken til enkeltindividet sin innsats, både privat og i organisert form:

– Det er utruleg vakkert å vere vitne til. Det verkar som om folk blir meir og meir tilbøyelege til det å hjelpe og ta i mot hjelp.

Siste brikke i å tore å ta steget for seg sjølv

Det er fyrste jula Kristian feirer i eige hus, utan å vere saman med nærmaste familie. Sonen hans på tre år feirar med mor si i Hallingdal og familien elles feirar i Svelgen.

– Det stod mellom å reise heim eller å bli. Eg brukte litt tid på valet, for eg har alltid reist heim, men så kjenner eg litt på det at ein må tore å ta steget for seg sjølv utan å legitimere det for nokon andre. Eg har alltid hatt ei jul å kome heim til, no var dette rett. Det var siste brikka.

Han kjenner òg på dei sterke kapitalistiske kreftene rundt jul og at det er lett å gje etter, på grunn av dårleg sjølvkjensle og eigen fasade.

Familien har berre møtt initiativet positivt, men han brukte litt tid før han sa at han ikkje kom heim denne jula.

Både ribbe og pinnekjøtt på menyen

Responsen på innlegget på Facebook-sida «Sogndal hjelper Sogndal» har vore enorm. Ein nabo har og meldt seg som nisse, men ingen har teke steget og meldt sin interesse til å ta steget enda.

Lokale kjøpmenn har meldt at dei stiller varer til disposisjon, mellom anna Nils Olav Øy ved Meny:

– Me prøver å hjelpe til der me kan og har også gjeve ein god sum pengar til arrangementet «Jul for alle», seier Øy.

Kristian er takksam for bidraget og seier han vil servere både pinnekjøtt og ribbe med alt tilbehør på julaftan.

– Til dessert ville eg helst hatt mamma sin heimelaga karamellpudding, men det blir vanskeleg, for eg torer ikkje prøve sjølv. Så eg har kjøpt ein ferdig.

Elles understrekar han at julekvelden blir rusfri.

– Rus skal vere noko ein skal slippe å forholda seg til i jula, og om det kjem ungar så er det eit «must». Det handlar om det at ein ikkje kjenner kvarandre og då er det eit enkelt grep å ta for meg, samt noko som vil gjere det enklare for veldig mange andre.

– Alkohol skal ikkje vere noko du saknar denne kvelden.

Ein kan melde seg på i siste minutt

– Har du ein plan B om ingen melder seg på?

– Eg køyrer julemiddag uansett, som planlagt. Om nokon kjem i siste minutt så skal det vere anledning til å kome. Elles kvir eg meg ikkje for å feire jul åleine, eg har nok å styre med elles og ting å ordne før nytt studiesemester. Eg er nettopp ferdig med siste eksamen, så no kan eg gjere det eg ikkje har fått tid til.

Kristian oppmodar dei som kunne tenke seg til å feire jul med han om å ta kontakt på telefon: 975 86 695.

Han har bil med barnesete og kan stå for transport om behov.

Elles vil han nytte anledninga til å invitere enkeltindivid og organisasjonar til å få til eit større opplegg neste år.