I 2025 skal det også verte mogleg for folk å kjeldesortera tekstilavall. Men nøyaktig korleis dette skal gjennomførast er ein ikkje sikker på enda.

– Me veit at dette er krav som kjem, men per no har me ikkje funne løysinga på det, seier direktør i SIMAS, Dagny Ugulsvik Alvik.

I dag er innsamling av brukte kle og anna tekstilar definert som mottak av donasjonar, som til Fretex eller Uff, og ikkje som avfallshandtering.

Det betyr at alt som ikkje kan brukast om att, har blitt kasta som restavfall.

Ifølgje EU er det kun 1 prosent av materiala i kleda våre resirkulert og nytta i nye kle. I gjennomsnitt kastar kvar og ein av oss 12 kg med kle kvart år.

Krav i kvar kommune

Kravet trer i kraft 1. januar 2025. Då skal kvar kommune ha ei løysing for mottak av tekstilavfall.

– Om ein har holete sokkar eller øydelagde kle, så skal ein kunne levere det til oss, seier Alvik.

Krava kjem som følgje av eit rammedirektiv frå EU frå 2018. Her blir det gjeve krav til seperat innsamling av farleg avfall og tekstilar frå privat avfall innan 2025.

Kommunane må sjølve sørgje for innsamlingsløysingar. I Sogn er det difor SIMAS som får dette ansvaret.

Direktivet spesifiserer ikkje korleis dette skal løysast.

– Det som er utfordringa er at det ikkje er noko god nedstraumsløysingar enno, og fabrikkane er for lite utbetra. Kravet kjem difor litt fort.

Til miljøstasjonar

Sjølv om ei løysing ikkje er på plass, er direktøren svært positiv til at ein no skal kunne levere inn tekstilavfall.

Ho håpar også at folk då vil tenkje meir over kva dei handlar av kle.

– Ein lyt jo byrja vera litt meir bevisst på kva ein kjøper. Om forbrukarane klarar det skal me klare å leggje tilrette for at det som er øydelagt kan gjenvinnast.