Klokka 19.10 kom det inn melding om brann i eit bosspann rett utanfor eine inngangen til Pyramiden i Gaupne, fortel Helge Blindheim, operasjonsleiar hjå operasjonssentralen vest.

Brannvesenet rykkja straks ut til staden, medan politiet skal ha kome til Pyramiden rundt 21-tida, grunna eit anna oppdrag.

– Det skal ha tatt fyr i eit bosspann rett utanfor Pyramiden, og det skal skjedd i nærleiken av ein ventil. Det har derfor komme røyk inn på senteret og,

Politiet har no vore på staden for å prøve å sikre bevis, og finne ut kvifor denne brannen skal ha oppstått.

– Me veit ikkje om brannen er påtent endå, men me prøver å finne ut kvifor det har oppstått brann der.

– Det kunne potensielt ha ført til større skadar på bygget, men heldigvis var det mindre alvorleg denne gong, seier Blindheim.