Medan me møtast i Oslo, sit me med kvar vår kopp med varm drikke. Eg med kaffi, og Marte med te. Ei vane ho plukka opp etter eit utvekslingssemester i England.

Marte studerte medieproduksjon ved Høgskulen i Volda, og jobbar i dag i ein bransje heilt utanom det vanlege. For etter fullført bachelorgrad tok lustringen turen vekk ifrå Sogn, til storbyen der moglegheitene for ein engasjert og nyutdanna mediestudent verka nærast uendelege.

– Det verka som ein bransje som trengde flinke folk, så då satsa eg.

Sommaren 2018 flytta Marte Bergset til Oslo saman med sambuaren hennar. Karrieren som filmarbeidar gjekk gradvis oppover, og ho fekk stadig nye oppdrag og meir ansvar. Men etter nesten to år med hardt arbeid, vart ei usikker bransje enda meir usikker.

Når Noreg stengde ned, sat Marte i eit produksjonsmøte. Når ho kom ut, var halve kontoret allereie reist heim, og Marte stod for fyrste gong utan jobb på ubestemt tid.

– Eg viste ikkje kva eg skulle gjera, eg reiste heim utan føresetnad om at eg framleis hadde ein jobb å gå til.

«Kjem aldri til å gå»

Skrur me tida tilbake, til tida før studiar og jobb då Marte framleis gjekk på Sogndal VGS og budde heime hjå papan, var det fleire som ikkje forstod kvifor ho ikkje ville bli verande i den vesle tettstaden Marifjøra.

– Når eg byrja å snakka om å kanskje studera medieproduksjon var det mange som sa at det var ikkje vits, at eg aldri kjem til å få ein godt betalt jobb, seier Marte.

Fleire nære ville at ho heller skulle bli verande heime, då dei ikkje hadde trua på at ei slik karriere var noko ein kunne leva av. Marte fortel at det framleis er mange som ikkje skjønnar kva ho har jobba med den siste tida eller korleis ho får kvardagen til å gå rundt.

– Når eg er heime og møter kjenningar så spør dei meg kva eg gjere på jobb, men dei klarar ikkje å skjønna heilt korleis bransjen fungera. Dei trur eg anten drive med foto eller jobbar som journalist, men bransjen er mykje meir enn det, seier ho.

Marte jobbar frilans, som betyr at ho ikkje har fast kontrakt med eit firma, men blir leigd inn der det er behov. Ho fortel vidare at det er litt av årsaka til at nokre i familien var skeptiske til karrierevalet.

– Dei vart ikkje akkurat mindre skeptiske når eg i midten av mars i fjor vart permittert.

Tøff bransje

STAO NO PAO: Trass strenge restriksjonar og smittevernstiltak må jobben framleis gjerast. Her er Marte on location på hennar 25-årsdag. Foto: Privat

Som frilans er det ikkje kvaliteten eller mengda med utdanning som skaffar deg arbeid. Dei siste to åra har Marte brukt til å byggje seg opp eit rykte.

– Du får ikkje jobb om du har eit dårleg rykte. Heile bransjen går på kontaktar. Når du er på jobb gjeld det å bli kjend med alle for du veit ikkje kven i framtida som har behov for folk til ein produksjon, og då håpar du at det er deg dei vil ringe til, forklarar ho.

Jobben med å skaffa seg eit breitt kontaktnett byrja allereie fyrste arbeidsdagen hjå produksjonsselskapet Babusjka. Her hadde Marte praksis som ein del av bachelorgraden.

– Hadde det ikkje vore for innsatsen eg la inn der kan eg nesten garantera at eg ikkje hadde fått jobb nokon anna plass.

Store produksjonar

Etter to månadar, som er lenge for frilans-arbeidarar, gjekk Marte vidare frå Babusjka.

– Etter at dei spreidde namnet mitt vidare til fleire produksjonsselskap så har eg eigentleg ikkje hatt stort problem med å skaffa arbeid. Mykje grunna eigen innsats òg sjølvsagt.

Marte har vore innom svært store produksjonar den siste tida. Etter mykje hardt arbeid og ekstremt lange dagar kan ho skryte på seg fleire store namn.

– Du må vera god skal du lukkast som filmarbeidar. Det er ikkje rom for å gjere store feil for du kan enkelt bytast ut. Når eg seier eg har jobba for både NRK og HBO så blir folk ganske så imponerte, men dei veit ikkje kor mykje arbeid eg har lagt ned for å få den moglegheita.

Eg tar meg fridomen til å spørra forsiktig om ho ikkje kan trekkja fram sine topp fem produksjonar. Til det treng ho litt betenkningstid.

– Då vil eg seie Wisting, Flukten over grensa, Beforeigners, Okkupert, og Jordbrukerne. Det er kanskje dei eg har fått mest utbytte av, både på godt og vondt.

– Det er eigentleg eit godt døme på at rykte fungerer begge vegar. For det er ikkje berre oss filmarbeidarar som treng eit godt omdøme, det gjere produksjonane òg. Det har hendt at eg har følt meg privilegert nok til at eg kan takk nei til å jobbe fordi produksjonen har eit rykte på seg for å vera vanskelege og behandla arbeidarane deira dårleg.

Frå opptur til mageplask

Året i år starta svært lovande for 25-åringen. Ho hadde sikra seg jobb for strøymetenesta Netflix. Eit dokumentarprosjekt om ei anna strøymeteneste, nemleg Spotify. Planen var at denne produksjonen skulle starte i mars og filmast i Noreg, Sverige, og Litauen. Det skjedde ikkje.

Produksjonen vart utsett til etter påske, og den norske delen av produksjonen var klare til å byrja med opptak. Men så fekk teamet den knusande beskjeden om at heile produksjonen pakkar saman og flyttar til Litauen.

– Me fekk beskjed om at dei ikkje kunne ha oss med i produksjonen lenger. Me fekk rett og slett sparken, det er fyrste gong eg har opplevd det.

Permittert og koronafast

PERMITERT: Tida utan jobb var prega av mykje daudtid i leiligheita på Sagene. Foto: Thomas Westnes

Starten av 2020 var også lovande. Marte var tilsett i NRK på dramaserien Jordbrukerne, som elles kjem på TV til hausten. Men då kom den fyrste motbakken i korona året.

– Det enda med permittering. Eg hadde heldigvis vore tilsett i øver ein månad, då har du litt andre rettigheiter. Så i staden for å få sparken, som eg fekk for nokre månadar sida no, så fekk eg fortsetta utover våren.

Tida som koronafast i ei lita leilegheit i hovudstaden var prega av mykje uvisse. Fleire produksjonar, alt ifrå storfilmar til mindre reklamefilmar vart sett på vent. Og dei jobbane som var tilgjengeleg var det stor konkurranse om.

– Når du er i ein så usikker bransje så forventar du at det kan komma tider der du ikkje får så mange oppdrag. Det er ein alltid førebudd på.

Pandemien har vore vanskeleg for mange, men for dei utan fast jobb har det vore ekstra krevjande. Økonomiske vanskar har ført til at mange unge har flytta heim til sine foreldre. Det tenkte også Marte kunne bli framtida hennar.

– Me er smarte nok til å skjønna at når ein jobba slik som oss så må ein ha ein buffer, slik at viss det er lite inntekt ei månad så veit me at me klarar oss.

TOLMODIG: Det gjekk i ein periode lang tid mellom oppdrag. Sogningen mista likevel ikkje håpet. Foto: Thomas Westnes

– Men når tida gjekk og me hadde gått utan jobb over lengre tid, mykje lenge enn det me er komfortable med, byrja eg å tenkje at eg kanskje faktisk måtte flytta heim igjen og gått tilbake til min gamle jobb på Spar i Gaupne.

Heldigvis for Marte gjekk det ikkje lengre enn til sommaren før jobbtibuda byrja å tikka inn igjen og no har ho og sambuaren kjøpt leilegheit saman i storbyen. Heilt utan hjelp.

– Viss du ser vekk ifrå det vesle sidesporet tidlegare i år så gjekk det gradvis betre, men det var ein periode der eg ikkje skjønte korleis eg kom til å klara meg. No derimot, er me på igjen.

Bryt norma

Me blir sitjande å prata vidare om tida i Okkupert. Rykte og omdøme ser ut til å bli ei slags raud trå i samtalen vår.

Det er å forvente at i eit lite filmmiljø som i Oslo at ein blir kjend igjen og at ein til tider kjem til å jobba med dei same personane fleire gonger. Men det er sjeldan når ein har ein stor internasjonal produksjon at det ein får ein slags heltestatus

– Når eg jobba på Okkupert jobba me òg med eit litauisk team. Der merka eg fort at dei hadde litt andre måta å gjera ting på.

– Der er norma at jenter i produksjonen ikkje tar seg av dei tunge løfta eller bere sine eigne kofferta. Når eg, den vesle blonde jenta, rulla inn på parkeringsplassen i ein svær bil og byrja å løfta ut tungt utstyr på eiga hand var det ein del som ikkje heilt skjønte kva som gjekk føre seg.

FANS: Med eit rykte for å ha stå-på-vilje utanom norma har Marte eit godt omdømme etter åra i Oslo. Foto: Privat

Rykta om denne vesle jenta med blondt hår spreidde seg raskt i den litauiske delen av teamet. Ein kan seie at ho fekk ein liten fan-base. Etter nokre dagar på same produksjon vert ho raskt kjend igjen av andre i det litauiske teamet og fekk eit enkelt spørsmål:

– Are you that girl?

– Ja visst er eg det.