Klokka 15.47 meldte Vest politidistrikt på Twitter/X om eit stort jordras på strekninga mot gamle fergekaien.

Det skal vere tre og store vassmengdar i området. Ingen personar eller køyretøy skal vere observert ved rasområdet. Politi- og brannmannskap er på staden, og HRS sendte ut eit redningshelikopter over rasområdet. Vegtrafikksentralen stenger vegen frå Aurland.

Det er ingen bustadar i området.

Klokka 16.18 melder Vest politidistrikt om at det er gått fleire mindre ras i området. HRS omprioriterar helikopteret til anna oppdrag. Fremleis ikkje meldt at personer er tatt/observert.

Lærdal kommune har no etablert krisestab. Ingen personer er savna eller observert tatt i raset. Ingen personer er evakuert.

Klokka 17.36 melder Vest politidistrikt om at det er blitt benytta drone i området for å få god oversikt over rasområdet. Lærdal kommune vil etter kvart vurdera rydding av vegen.

Vegen inn mot rasstaden er sperra. Kommunen og øvrige etatar tek ein vurdering i fellesskap om vidare tiltak rundt vêrforhold, opprydding m.m.

Personar stod fast mellom to ras

Tysdag kveld melder Lærdal kommune på sine nettsider at det har gått to ras på vegen mellom Lærdalsøyri og Erdal. Vegen var allereie stengd grunna overvatn, men rasa. har gjort vegen heilt uframkommeleg.

Kommunen skriv vidare at det ei tid var personar som stod fast mellom dei to rasa. Dei har no vorte evakuerte og er i tryggleik.

Teknisk eining opplyser vidare om at det kjem geolog til staden onsdag, for å ta ei vurdering av når ein kan opna og rydda vegen mellom Lærdalsøyri og Erdal.

Kan køyra Aurlandsfjellet

Vidare i meldinga skriv Lærdal kommune at innbyggjarar i Erdal kan nytta Aurlandsfjellet når dei skal ut av bygda.

Dei skriv at det står ein bukk på aurlandssida, for å markera at turistar ikkje skal ta seg over Aurlandsfjellet, men at erdølene kan få mellombels flytta på denne for å køyra forbi.

Naudetatane er på plass. Foto: Inger Helgestad