Når me møter Terje Arild Kveane og Tone Kjærvik Kveane på verandaen deira i Jostedalen, står maisola høgt på ein knall blå himmel. Det er søndag, ein dag som i utgangspunktet kjem med ein viss ro i lufta. Innanfor verandadørene sit ein av deira fire døtrer saman med deira første barnebarn, som ikkje endå har runda året.

Idyllen er til å ta og føla på. Likevel kviler den utelukkande på at historia om det som skjedde ein månad tilbake i tid, fekk ein lykkeleg slutt.

For når eit hjarte stoppar, må ein handla raskt. Kvart einaste minutt er kritisk, og kan vera avgjerande for om ein landar på riktig side av døden.

Kanskje må ein også ha litt flaks.

Kjenner du deg heldig?

– Det er det ingen tvil om. Eg har hatt kjempeflaks. Det skjedde på den mest gunstige plassen og på det mest gunstige tidspunktet - og i tillegg er det kjempeflaks at eg er gift med ho Tone, seier Terje og sender kona eit smil frå andre sida av bordet.

1. Livet er skjørt

Foto: Inger Helgestad

Når Terje vert spurt om å fortelja det han hugsar frå den skjebnesvangre aprilnatta, startar han på tysdag 4. april - halvanna døgn før livet tek fullstendig heilomvending. Då er han på skitur med Trude, som er 24 år og den yngste dottera i familien. Dei går på Vangsen, ein topp i Jostedalen som ligg 1757 meter over havet. Det har dei gjort mange gonger før, og denne dagen kjennest som alle dei andre.

Dagen etterpå set Terje og Trude ut på ein ny topptur. Denne gongen er det fjelltoppen Geitanosi (1318 m.o.h) som skal overkommast. Også denne turen går like bra som det alltid gjer.

Etter at dei to skigåarane er komne ned på bakken att, reiser Terje vidare til Breheimssenteret i Jostedalen. Der skal det vera dugnad for det tradisjonsrike skirennet «Bjønnarennet», som skal arrangerast dagen etter. Det er framleis litt som må gjerast, men når alt omsider er klart, set dugnadsgjengen kursen mot siste post på dagens program: Påskequiz på Jostedal Hotell.

Etter ein god runde med testing av alle moglege former for kunnskap, er kvelden over. Terje hugsar at han legg seg. Han hugsar at han tenker på dei quizspørsmåla som han ikkje klarte å svara på.

Deretter er det Tone som må ta over forteljarrolla. På dette tidspunktet i historia, er Terje borte.

Sjukepleiar på autopilot

– Eg vakna av at han seig imot meg. Så byrja snorkelyden, og då tenkte eg «nei, skal eg måtte oppleva dette».

Tone er utdanna sjukepleiar og jobbar som leiar på omsorgssenteret i Gaupne. Når ho høyrer lydane frå Terje, forstår ho kva som skjer. Ho reagerer raskt - og heilt etter boka.

– Eg heiv meg på mobilen og fekk ringt til 113. Eg prøvde å ropa på og rista i Terje, men eg fekk ikkje kontakt. Då sprang eg opp, fordi eg visste at det var folk i huset, fortel Tone.

Foto: Inger Helgestad

Ho får tak i den nest yngste dottera og kjærasten hennar. Saman får dei løfta Terje frå senga og ut i gangen. Sjukepleiaren Tone veit nemleg at det er håplaust å driva med hjarte-lunge-redning i ei seng.

Deretter byrjar arbeidet. Tone tek innblåsingane og svigersonen gjer kompresjonane. Dottera spring for å vekka naboen, som for tre månadar sidan tilfeldigvis kjøpte ein hjartestartar på ferie i New Zealand. Den tok han med seg heim, og når det dundrar på døra denne kvelden, står hjartestartaren klar i gangen. Naboen er medlem i Røde Kors, og skal vera til stades på skirennet som skal gå av stabelen neste dag. Han har gjort alt av utstyr klart.

Snart kjem han styrtande ned trappa til Tone og svigersonen, som framleis held sirkulasjonen i kroppen til Terje i gang. I handa har han hjartestartaren.

– Då han kom, så tenkte eg «der er du». Eg tykte han kom fort. Han hadde jo gjort hjartestartaren klar til Bjønnarennet. Det er nesten som at alt er tillaga, som at det var meint å gå bra, seier Tone.

På dette tidspunktet byrjar huset for alvor å fylla seg opp med folk, og saman med naboen kjem også ei anna kvinne ned trappa. Ho heiter Anne Marte Snøtun, og er medlem i den lokale hjartestartargruppa. Den består av frivillige som er trent i å bruka ein hjartestartar, og som vert kalla ut med det same AMK får melding om hjartestans i deira område.

Anne Marte bur i gata nedanfor Terje og Tone, og er dermed også ein nabo. Ho tek over for Tone. Morten Vigdal, ein annan nabo frå gruppa, tek over telefonkontakten med AMK. I tillegg kjem åtte andre frå gruppa og tek tak der det trengst.

– Det var så betryggande når eg såg ein etter ein komma inn døra. Dei veit kva dei skal gjera, og eg tykte berre det var godt at nokon kom og tok over styringa. Det var ikkje èin person for mykje den natta, seier Tone.

Frå hjartestans til hjartestart

Historia om Terje får ein lykkeleg slutt. Det skal ikkje meir enn eitt sjokk frå hjartestartaren til, før han reagerer. I tillegg kjem to ambulansar og ein luftambulanse til Jostedalen, klare for å gi Terje naudsynt behandling.

Når Tone ser kor fort Terje reagerer, tenker ho at dette kjem til å gå bra. Likevel er det med stor lettelse ho ser at helikopteret lettar og set kursen mot Haukeland.

Fire timar seinare er Terje ferdig operert.

Foto: Inger Helgestad

– Det er reine eventyret. Eg har berre positivt å seie, for den natta fungerte frivillig arbeid og helsevesenet heilt perfekt. Det er ikkje anna å seie, seier Terje.

Både han og Tone er tydelege på at hjarte-lunge-redning spelte ei hovudrolle i historia.

– Hjarte-lunge-redning er noko alle bør kunne. Det kan vera med på å redda liv, seier Tone.

– Hadde eg vore åleine den kvelden, så hadde eg vore død. Det er kritiske minutt, så det er viktig at nokon kan hjarte-lunge-redning, seier Terje.

Verken Tone eller Terje er ikkje redde for å skryta av medlemmane i hjartestartargruppa. For Tone var det godt å kunne trekka seg litt unna og samla tankane når andre kom og tok over.

Ingen av dei tykkjer det er noko ubehag knytt til det å dela ei slik sårbar stund med naboar.

– Me var avhengige av at folk frå gruppa kom til oss. Det var ikkje noko ubehag i det heile, det har eg aldri tenkt på. Når ein må driva med hjarte-lunge-redning, så er det godt å vera fleire og byta på, seier Tone.

Likevel er det ikkje til å legga skjul på at kjenslene vert ekstra sterke når ein seinare møter redningsmennene sine på gata eller på butikken. Når intervjuet vert gjort, har ikkje Terje treft alle - men han har treft Anne Marte.

– Det var litt tøft, det må eg innrømma. Det vart følsamt. Men det skulle berre mangla, seier Terje.

2. Dei lokale heltane

Foto: Inger Helgestad

– Eg trefte han ute. Då eg såg han, gjekk eg berre rett mot han, byrja å grina og klemte han. Eg er ikkje redd for å gråta litt, me er jo naboar, seier Anne Marte Snøtun.

Når Terje skal fortelja kva han hugsar frå den skjebnesvangre natta, så nemner han tre små glimt. Han hugsar at han spurte etter Tone. Han hugsar ei av dei som jobbar i ambulansen. Og så hugsar han Anne Marte og Morten frå hjartestartargruppa.

Dei er begge veteranar og har vore medlemmar av gruppa i mange år. Anne Marte har vore med sidan oppstart, og har det overordna ansvaret for gruppa i Jostedalen.

Dei hugsar begge aprilnatta då dei på ordre frå AMK måtte springa til naboen sitt hus.

– Ein må berre kle på seg og komma seg av stad. Men eg kjende at eg måtte samla meg litt før eg kom til huset, seier Anne Marte.

– Det treff litt ekstra når du får beskjed om å reisa til same adresse som du sjølv har. Då er du sikker på at det er nokon du kjenner. Ein får ekstra adrenalin då, det er det ingen tvil om, seier Morten.

Foto: Inger Helgestad

Samstundes er dei begge tydelege på at det gjeld å samla seg og hugsa kvifor dei er kalla ut: For å hjelpa. For å gjera det som dei har øvd på så mange gonger før.

– Ein må tenka på det ein har øvd på. Kva er oppgåva vår no? Ein må ta nokre magadrag, tenka klart og ha fokus på det ein skal gjera, seier Anne Marte.

Klare instruksar

Og det dei skal gjera, det er godt innarbeidd hjå medlemmane i hjartestartargruppa. Det må det vera, for det går ikkje mange minuttane frå AMK får melding om ein hjartestans til same meldinga går ut til dei frivillige medlemmane.

Då gjeld det å handla fort.

– Me vert ringt av AMK og får høyra ei automatisk innspelt melding. Så svarar ein om ein kan møta eller ikkje, og deretter får ein ein SMS med adressa etterpå, fortel Anne Marte.

Så går det slag i slag. Dei medlemmane som bur nærast den aktuelle adressa, reiser rett dit. Dei som bur lenger unna reiser innom og hentar hjartestartar på ein av dei fire stadene i bygda der desse er utplassert.

Når ein kjem til den aktuelle adressa gjeld det å scanna området og få eit overblikk over kva som må gjerast. Forholda rundt hjartestansen er ulike frå gong til gong, og det påverkar kva gruppa må prioritera.

– Er personen inne eller ute? Er vedkommande i ein bil? Kor mange andre er komne? Er det andre folk på staden? Slike ting må me vurdera, seier Anne Marte.

Deretter er det hjarte-lunge-redning som er førsteprioritet.

Foto: Inger Helgestad

– Me byrjar med hjarte-lunge-redning, der ein person gjer kompresjonar og ein tek innblåsningane. Ein tredje person set på hjartestartaren. Ein skal alltid driva med hjarte-lunge-redning samstundes, ein skal halde det gåande, seier Morten.

Dersom fleire i gruppa rykker ut og desse oppgåvene er dekte, er det likevel sjeldan mangel på ansvarsoppgåver til dei som er att. Nokon kan ta seg av pårørande, nokon kan snakka med AMK og nokon kan planlegga transport av pasienten.

Det er nok å ta seg av for hjartestartargruppa.

– Eg kan driva med dette resten av livet

Både Anne Marte og Morten snakkar utelukkande varmt om arbeidet i den frivillige beredskapen. Dei legg ikkje skjul på at det kan vera mange kjensler, at det kan vera både tårer og latter, men til sist er det ingen tvil om at det heile er verdt det.

Å vera i beredskap, å driva hjarte-lunge-redning på sambygdingane sine, å møta naboane sine i deira verste stund - det er alle oppgåver dei gjer med den største sjølvfølge.

Særleg når dei har ei slik historie å visa til.

– Eg har aldri vore i tvil om at det er verdt å vera med, men når ein får ei slik oppleving, så er ein i alle fall heilt sikker. Det var ein enorm lettelse då eg styrta inn den natta og såg at det var så bra kontroll på situasjonen, seier Morten.

Anne Marte stemmer i. Ho hugsar særleg godt kjensla ho fekk då Terje sa sine første ord etter sjokket frå hjartestartaren.

Det kjem ho kanskje alltid til å hugsa.

– Eg har vorte spurt om det er vits i å driva på med dette, fordi sjansane er så små for å redda nokon. Det er deileg å motbevisa det. No har me redda ein, og då kan eg driva på resten av livet med dette, og det vil vera verdt det, seier Anne Marte.

3. Opphavsmannen

Foto: Inger Helgestad

Under intervjua med både Terje og Tone, og Anne Marte og Morten, vert eit namn nemnd fleire gonger.

– Du bør snakka med han Ove Fortun.

Initativtakaren, opphavsmannen, han som står bak det som no har vorte ei suksesshistorie i Luster kommune, heiter Ove Fortun. Han jobbar i ambulansetenesta og er leiar for Luster hjelpekorps i Røde Kors, som også står ansvarleg for hjartestartargruppene.

Han fortel gjerne om korleis det unike tilbodet i Luster har teke form.

– Historia går heilt tilbake til 2007, sånn cirka. Då var det Norsk luftambulanse som ringte meg, for dei ville bidra med å kjøpa inn hjartestartarar til ytterkantane i kommunen. Den gongen fekk Veitastrond og Urnes dei to første, fortel Ove.

Seinare kom fleire aktørar med bidrag til hjartestartarane. Dei neste var LHL og Gaupne helselag, og sidan kom også Jostedal helselag og Luster Sparebank inn i biletet med midlar.

Ove er tydeleg på kva dette betyr i det lange løp.

– Alle som bidreg er med på å redda liv.

Når kvart minutt tel

Då Ove sa ja til å vera med på å danna hjartestartargruppene i Luster, var det dei store avstandane i kommunen som var hovudmotivasjonen.

Som ambulansearbeidar veit Ove godt kva som skal til for å redda nokon frå ein hjartestans. Der står tidleg innsats som eit nøkkelpunkt.

– Ein kan ligga i rundt fem minutt med hjartestans utan at det vert gjort noko, men så er det over. Dersom ein komprimerer derimot, så kan ein driva på lenge. Og viss sjokket frå hjartestartaren vert gitt mellom fire og fem minutt etter stansen, så har ein cirka 75% sjanse for å overleva, seier Ove.

Og det er nettopp her det skjærer seg. Frå ambulansestasjonen i Gaupne til Terje sitt hus i Jostedalen, er det 32 kilometer. Ein ambulanse kan køyra denne distansen på minimum 22 minutt, viss alle forhold ligg til rette for det.

Samstundes kan pasienten berre ligga i fem minutt utan hjelp.

– Det kokar eigentleg ned til det. Utan tiltak innan fem minutt, så.... Det er fasiten, seier Ove - og let resten henga i lufta.

– Alle bør melda seg på kurs

Skal ein oppsummera, så kan ein slå fast at tiltaket med dei lokale hjartestartargruppene har vore ein suksess. Ove fortel at gruppene dei siste åra har redda ein person i året.

Den frivillige innsatsen og dei lokale gruppene er unike i kommunal samanheng. Ove veit ikkje om noko i kommunane rundt Luster som liknar på dette.

Samstundes understrekar han at hjartestartargruppene ikkje skal vera noko erstatning for ambulansetenesta. I staden skal det vera eit supplement og ei ekstra sikring i dei tilfella der ambulansen har lang utrykningstid.

– For ambulansen er det gull verdt å ha hjartestartargruppene. Det tyder at me kan få litt ekstra hjelp, seier Ove.

HJARTESTARTARAR: Dette biletet viser plasseringa av hjartestartarane i Luster. Totalt har kommunen 14 hjartestartarar utplassert. Foto: Illustrasjon: Ove Fortun

Og det er ikkje berre i Luster at ein ser suksessen av den frivillige innsatsen. Ove kan fortelja at hjartestartargruppene også har vekt oppsikt utanfor kommunegrensene.

– Norsk luftambulanse er imponerte over det som skjer her. Dei veit at ved ein hjartestans i Luster, så er det stort sett ein haug med folk der, seier Ove.

Han har sjølv lang fartstid i ambulansetenesta, og veit difor godt kva han snakkar om. Difor er han også fullstendig tydeleg når han vert spurt om kva som er nøkkelen til å klara og reversera ein hjartestans.

– Det er hjarte-lunge-redning, ja - absolutt. Alle bør melda seg på kurs, for det er så utruleg viktig, seier Ove.

Samstundes må ein hugsa at kunnskap om hjarte-lunge-redning og førstehjelp er ferskvare, og at eitt kurs ikkje vil halda i lengden. Ove anslår at ein bør repetera og oppfriska kunnskapen cirka kvart tredje år.

Hjartestartargruppene i Luster repeterer to gonger i året - og dei tek gjerne imot nye medlemmar på øvingane.

– Viss nokon vil vera med, så er det opent for alle. Det kan du godt skriva, seier Ove.

4. Takk for livet

Foto: Inger Helgestad

Tilbake på verandaen til Tone og Terje er det enorm takksemd for arbeidet som vert gjort av dei lokale frivillige.

Tone er sjølv medlem i hjartestartargruppa og har tidlegare vore med å rykke ut til andre sambygdingar. Denne gongen var det ho sjølv som trong hjelp. Då var dei ein lettelse når ein etter ein kom inn døra for å hjelpa.

– Det var betryggande å sjå dei komma. Dei veit kva dei skal gjera, og det er godt når nokon kjem og tek over styringa, seier Tone.

Samstundes skal også ho sjølv ha noko av æra for at det gjekk som det gjekk med Terje den aprilnatta. Hennar raske reaksjon og klare tankegang var med på å redda livet hans - saman med dei frivillige frå hjartestartargruppa.

Tone er likevel mest oppteken av å dela æra med dei andre.

– Eg kunne ikkje ha gjort det aleine, seier ho.

Deretter legg ho til, med eit blikk på ektemannen over bordet:

– Hugsar du det første du sa til meg, då eg kom inn døra på Haukeland? Takk for livet, sa du. Det er sterke ord, men det er summen av alt som gjer at dette vart ei solskinnshistorie.