Fredag formiddag, klokka 11:45, fekk politiet melding om ein mann som hadde falt om på vegen til Store Skagastølstind, fortel Erik Skjerdal, innsatsleiar ved Sogndal politistasjon.

Det var to skiløparar frå Sogn som var på veg opp til Store Skagastølstind.

– Den eine fekk akutt hjertesans, turkameraten starta med livreddane førstehjelp. Livet stod diverre ikkje til å redde.

Det var sendt luftambulanse frå Dombås, og vedkommande vart flydd ned til Turtagrø, der legen erklærte personen død på staden.