I fotball får du ikkje alltid betalt for godt spel. 1–1 for Sogndal mot Fredrikstad er eit godt døme på dette. Godt og variert angrepsspel med sjanse på sjanse i første omgang, men ingen mål. I løpet av dei ti første minuttane spelte Sogndal seg fram til to-tre store sjansar, i tillegg serverte Valdimar Ingimundarsson eit kanonskot som vart blokkert i FFK-blokka.

Så kom det to gigant-sjansar midtvegs i omgangen der både Axel Kryger og Kristoffer Nessø kunne, og vel burde scora på to store sjansar. Normalt vil ein fotballkamp vera avgjort etter ein slik dominans. Diverre for Sogndal kom aldri den forløysande scoringa før pause. Trass i tidvis glimrande angrepsspel.

Eg har skrive det før, og kan gjenta det. Sogndal er i ferd med å byggja noko som KAN bli svært bra. Men med dagens effektivitet framfor mål, blir me hengande etter. Så her må Tore André Flo ta fram alt han veit og kan om det å scora mål. Øving og atter øving. Erik Grønner har eit uforløyst potensial, og bør få tillit i tida som kjem. Men kven skal vera makkeren hans? Duoen Nessø/Kristoffer Hoven er ikkje spesielt målfarlege for tida. Sondre Ørjasæter har ein X-faktor som svært få med sine dribleferdigheiter, men i dag var han nær usynleg.

I dag var det backen Hørdur Ingi Gunnarsson som drog til med høgresleggja frå nær 25 meter. Ei flott scoring.

Så til Fredrikstad si utlikning. Når du let ein angripar stå heilt umarkert, og han får heada ballen inn i feltet med kraft, vil det ofte bli trøbbel. FFK-spissen Nicolay Solberg har ei unik evne til å dukka opp og lukta sjansen. Så her er det ein forsvarsfeil som må sjekkast ut. Det same skjedde nemleg to gonger mot KFUM Oslo og. Elles var det lite å klaga over i det defensive arbeidet.

Det er lett å uffa seg etter ein slik kamp. Men det er viktig å sjå bak resultatet. Trenartroikaen veit nok godt kva som skal til, og det blir jobba målbevisst dag etter dag. Så blir det opp til spelarane å visa at lærdomen har nådd inn. Spelemessig i dag svært mykje bra. Og fleire hakk opp frå oslomøtet med KFUM. Fredrikstad jubla nok for det eine poenget. Like mykje som sogndalsspelarane nok er smått forbanna etter kampen.

Måndag er det Grorud. Stao no Pao – og måla vil koma? Det er tett som hagl frå 3. til 9.-plass på tabellen.