Politiet var aktive på Twitter i natt og kunne melde om ein brann på Årdalstangen. Brannen oppstod klokka 03:55.

Det skal altså vera snakk om brann på eit terrassegulv til ein einebustad. Politiet opplyser om at brannen vart raskt sløkt av personar på staden, og at det berre er mindre skader på terrassen.

Politiet har vore på staden og opprettar sak etter hendinga.