Liv Byrkjeland

Skal Luster bli ein dumpingsplass for ureinande cruiseskip når verdsarvfjordane set utsleppskrav? Luster SV meinar det er betre å setje utsleppskrav også i Lustrafjorden og vere solidarisk med verdsarven og kommunane deira, enn å ynskje stadig fleire cruiseskip velkomen.

Naturen lyt skjermast for overforbruk og slitasje av turistar og villcamping. Villcamping, særleg med bubilar, er ikkje ein del av friluftslivet. Mengda med villcamping nærmar seg allereie ein smerteterskel fleire stader i Luster.

Mange opplever også uro over at det skal kome enno større mengder med cruiseturistar til Skjolden, og på dei smale vegane våre.

Me lyt tenkje framover, på klimakrisa som kokar og sender fleire og fleire turistar til vakre og kjølige Noreg. Fjordane våre vil vere enno meir attraktive i framtida, og naturen er i hovudsak det dei vil oppleve.

Luster AP vil styrkje reiselivsnæringa markant i Luster, då er det avgjerande at det også blir sett krav til bruken av fjorden og naturen. Med SV med på laget i Luster vil det takast meir omsyn til natur og miljø, og klimakrisa skal takast på alvor også lokalt.