Kai Øystein Søvde

Fleire og fleire av oss kjenne no på at det blir mindre og mindre i lommeboka, og mange gruer seg til å ta fatt på rekningsbunken.

Stadige renteaukar, dyrare matvarer, leigeprisar som berre aukar og generell prisauke gjer at mange av oss verkeleg kjenner dyrtida på kroppen. Auka kostnader rammar dei som har minst aller mest, men også hushald med vanlege inntekter merkar det godt. I fjor og i år voks matkøane i rekordfart, og det kom akkurat ei nyheit om stor auke i tvangssal av bustader. Det er ikkje ei enkel eller populistisk løysing som fiksar dette. Alt heng saman med alt, og derfor foreslår ikkje SV kutt i eigedomsskatt eller andre lettvinte løysingar.

I eit land der forskjellen held fram med å vekse, er det viktig at me faktisk gjer noko for å forhindre endå større forskjellar, og for at folk flest skal få ein litt enklare kvardag. SV tek dyrtida på alvor.

For å møte krisa må me ha meir omfordeling, ikkje mindre. I motsetning til Høgre, som vil prioritere skattekutt til dei som har mest og meiner at skatteflyktningar fortener respekt, vil SV møte dei aukande prisane med meir rettferdig fordeling. Vanlege menneske og folk med lite skal få meir å leve av, og alle skal sikrast ei god velferd.

Difor har SV lansert konkrete tiltak for å gjere folks kvardag litt lettare, og lommeboka litt tyngre:

  1. Me vil halde fram med å auke barnetrygda

  2. Me vil auke sosialhjelpa, bustøtta, uføretrygda, AAP og minstepensjonen

  3. Me vil auke studiestøtta og byggje fleire studentbustader

  4. Me vil innføre gratis SFO

  5. Me vil regulere renteoverskotet til bankane

  6. Me vil rydde opp i daglegvaremarknaden for å redusere prisane

  7. Me vil gi folk råd til å betale straumrekninga si

  8. Me vil ha faste og heile stillingar

  9. Me vil halde fram arbeidet med å gi billigare tannhelse til folk

  10. Me vil ha lågare skatt for alle som tener under 800.000

Men me lyt også jobbe lokalt for å løyse forskjellskrisa. SV nasjonalt var med å auke barnetrygda og satsene til økonomisk sosialhjelp. Luster SV ønskjer å styrke Luster fritidsfond, økonomi skal ikke stå i vegen for medverknad i fritidsaktiviar.

I utvidinga av fritidsfondet ønskjer SV at alle born og unge skal få et universelt fritidskort som gir rabattert eller gratis tilgang på fritidsaktivitetar, kulturtilbod og deltakelse i frivilligheita. Luster SV ønsker og gratis kjernetid i SFO, og å redusere prisen for barnehageplassane samt inkludere kostpengar i maksprisen slik at alle blir sikra god og næringsrik mat.

Det speler ei rolle kven som styrer landet, og det speler ei rolle kven som styrer lokalsamfunnet. Vi skal ta kampen mot forskjellar og fattigdom også her i Luster. Ei stemme på Luster SV er ei stemme for meir rettferdig fordeling.