Vegvesenet melder klokka 15:35 om ein lastebil med hydraulikklekkasje på fylkesveg 5627 Bjørgavegen mellom Aurland sentrum og Stegastein.

Brannvesen og entreprenør er på staden.

I følgje entreprenøren står lastebilen på kommunal veg, Klokkargarden, og sperrar difor ikkje fylkesvegen.