Kåre Hønsi

Valkampen er i gong og vi ser lesarinnlegg med lustrapolitikarar som skildrar den flotte naturen vår og kvifor det er så fint å bu her i Luster. Dette er vi hjartans einige i, men det er ikkje difor me engasjerer oss i politikken. Vi vil skape endringar. Er det nokon forskjell mellom partia då, lurer du kanskje på? Det meiner vi det er.

Vi byggjer vår politikk på våre sosialdemokratiske verdiar også lokalt. Vi er opptatt av å kjempe mot fattigdom, utjamne forskjellar, jobbe for betra levevilkår, likestilling og arbeidsfolk sine rettar, og for meir klimapolitikk. Dette må vi kjempe for i Luster. Du kan lytte til oss, men du er kanskje mest interessert i å sjå kva vi får til? Vi utgjer 6 av totalt 25 i kommunestyret og her er kva vi fekk til, og kva vi føreslo med denne gruppa.

Her er våre politiske sigrar og tap mot fleirtalet i siste perioden:

Straumstøtte: Dagens ordning for privatpersonar er skapt og jobba fram av AP. Vi var åleine om forslaget vårt i fjor vår, men fekk etter eit halvt år dei andre partia med.

Eigedomskatt: Vi programfesta å vurdere kutt ved sist val. Vi stemte mot auke i 2021, og for fjerning i 2022. Til slutt kom alle partia med på dette, med SP som sistemann. Høgre og FrP var pådrivarar for å få dette til.

Grunnbemanning: Etter mange års kamp fekk vi dette gjennom for barnehagane i budsjettet for 2022. Det er sunn fornuft og utan ekstra kostnad å ha faste tilsette i staden for vikarar. Temadag med oppvekst gav veldig positive tilbakemeldingar på vedtaket.

Sosialhjelp og Barnetrygd: AP fekk med resten av k.styret på å auke satsane til sosialhjelp for å dekke inn den reelle prisstigninga. Saman med KrF fekk vi fjerna avkortinga av barnetrygdauken for sosialhjelpmottakarar.

Barnehage storleik: Vi kjempa hardt for å byggje ut Gaupne barnehage med ny full avdeling. Vi vart nedstemt men fekk etter mykje jobb til ein auke frå det opphavelege forslaget til rådmannen og SP.

Foto: Luster Arbeidarparti

Luster AP krov fortgang i sakshandsaminga for Hafslo Barnehage for å sikre tidlegast mogeleg oppstart.

Trafikktryggleik: AP jobbar kvart år hardt for å få strakstiltak for å betre trafikktilhøva på skulevegen for små born i Gaupne ved å få bussparkering vekk frå Pyramiden der alle går til undersida av Fv55. Nedstemt av SP kvar gong som meiner tilhøva er gode nok.

Klimabudsjett: AP er pådrivarar for å få klimabudsjett og at arbeidet med kutt må byrje. Lite engasjement hjå fleirtalet.

Mammografi: Likestillingskamp for at kommunalt tilsette skal få fri med løn til mammografiundersøking. Nedstemt kvar gong.

Gangveg rundt Hafslovatnet: AP kjempar for gangveg/tursti rundt Hafslovatnet i planarbeidet. Nedstemt av SP.

Næringsstøtte til Bygg og anlegg: AP fekk til slutt dei andre partia med på at også bygg/anlegg som er ein av dei største næringane i kommunen skal ha høve til å søke næringsstøtte/lån på lik line med andre næringar.

Interkommunal avtaler og revisjon av tjenester som NAV og PPT: AP er einaste parti som har stilt kritiske spørsmål til innhaldet av tenestene vi får ved avtalane, og som har bedt om at brukarar vert involvert ved revisjonar.

Likestilling og klima i vedtekter: AP fremja likestillingsforslag der vi krov likestilling til styrer etc. og tydelige klimakrav til selskap vi har eigarandelar i eller er med og finansierer.

Kulturskule: Luster AP krev som einaste parti at vertskommunen til denne interkommunale tenesta som ikkje har levert gode nok administrative tenester, vert Luster. Nedstemt av fleirtalet.

Vi vil fortsetje å kjempe for våre sosialdemokratiske verdiar i Luster. Vi i AP vil investere i folk og tenester - ikkje berre i bygg. Vi vil sikre gratis skulelunsj til alle ved å samordne dette med arbeidstrening.

Om du er samd i alt eller deler av dette, tenk på kva vi kan få til om vi vert fleire. Og du ... i 2023 ... er det ikkje på tide at Luster får sin fyrste kvinnelege ordførar? AP er einaste lista som har kvinne på topp. Ho er der fordi vi veit ho er den beste.

Godt val, og hugs å stemme!