Trude Brosvik

Det er mange grunnar til utanforskap; Mest vanleg er økonomiske, sosiale og fysiske.

Styrke laget rundt ungdomen

Derfor er det utruleg viktig at det vert satsa på born og unge, både gjennom fritidsaktivitetar og ikkje minst på skulen. Fylket har ansvar for vidaregåande skule, og at alle ungdomar får ei utdanning som gjer dei i stand til å kome inn i arbeidslivet. Den auken som er i unge uføretrygda MÅ snuast. Det er vel ingen som sitt på den eksakte løysinga, men for KrF sin del vil vi styrke «laget» rundt ungdomen, med auka vekt på skulehelsetenesta, - også psykisk helsehjelp på førstelinjenivå- og å styrke pedagogisk-psykologisk-teneste (PPT) og rettleiingstenesta. Dei to siste er vesentlege, saman med opplæringskontora, for å knyte kontakt mellom skule og bedrift og sikre alle læreplass.

KrF har besøkt mange arbeidsmarknadsbedrifter, og dei vil for mange vere nøkkelen for å kome i jobb. Nokre har rett på varig tilrettelagde arbeidsplassar, men mange er der i ein kortare periode for å kome ut i eller tilbake til, vanleg arbeid. Desse bedriftene gjer ein imponerande og livsviktig jobb!

For sosiale utanforskap kan det å lage lågterskel møteplassar, fritidskort, ha utlån av utstyr, bruktbutikkar og liknande vere avgjerande. Fylket har ansvar for biblioteka, som er ein viktig demokratisk tilretteleggar for tilgang på kultur. Vi har også bestemt, og KrF vil vidareutvikle, at fylkeskommunale bygg skal kunne lånast gratis til born og unge sin organiserte aktivitet på fritida. Viktigast for å hindre sosial utanforskap er kanskje likevel å ha eit ujamnande og progressivt skattesystem som gjer dei økonomiske skilnadane i samfunnet mindre. Eller slik KrF sto i spissen for for første gong på over 20 år; auke barnetrygda.

Digitalt utanforskap

Eit viktig område, særleg for mange eldre, er å hindre digitalt utanforskap. Nesten uansett kor god du har vore på data, så svekkest dei evnene når du blir eldre og kvar oppdatering av programvara blir ein bøyg. Ei klok dame i min heimkommune uttalet då vi skreiv program: «Eg treng ikkje fleire data-kurs. Eg treng nokon eg kan ringe til, eller som evt kjem og viser meg, når eg står fast og maskina ikkje vil.» Her må kommunane kunne få til enkle ordningar mellom frivillige (frivilligsentralen) og brukarane våre. Frivillige som hjelper kvarandre er avgjerande viktig i eit godt samfunn. KrF heiar på og vil støtte arbeidet til dei frivillige!

Til slutt; vi har fysisk utanforskap. Sjølv med gode lover om «universell utforming», så opplever mange med ei eller anna funksjonshemming at dei har vanskar med å ta del. Som leiar i fylket sitt Råd for menneske med nedsett funksjonsevne (RMNF) så har dette blitt ei veldig viktig sak for meg. Samfunnet er blitt flinkare, men mange bygg er endå ikkje godt nok tilrettelagt. Ladekontaktar til EL-bilen kan vere umogeleg å nå frå ein rullestol, eller ledelinjer for den som er synshemma manglar. KrF har tatt opp, og fått gjennomslag for, at fylket skal ha betre og meir systematisk kompetanse på universell utforming.

Utanforskap må hindrast, fordi det er øydeleggande både for den som opplever det, og for oss som fellesskap. Det er mykje som skapar utanforskap, dette er berre døme. I tillegg kjem korleis vi snakkar om kvarandre, sett kvarandre i «bås» eller fremmar polarisering i staden for å ta kvarandre i beste meining. Men det er ein annan debatt.