Blålys og sirener blir å sjå i trafikkbiletet komande torsdag.

– Lærdal kommune og naudetatane samarbeider om denne store øvinga. Det er ei tilrådd øving frå Statsforvaltaren, forklarar seniorrådgjevar helse og omsorg, Åge Bøyum i ei melding.

Øvinga finn stad mellom klokka 17:00 og 20:30. I tillegg til naudetatane og kommunen er også Heimevernet og Røde Kors med på øvinga.

Scenariet skjer i Lærdal, men folk flest vil ikkje merka mykje til det utover utrykkingskøyretøy etter vegane og millitært personell som er ein del av dette.

– Det blir nokre vegsperringar, men ikkje på stader så det er til hinder for vanleg trafikk, seier Bøyum vidare i meldinga.