Brannvesenet fekk klokka 13:17 melding om at ein forbipasserande hadde sett opne flammar ved Hagane på Leikanger.

– Han såg opne flammar og meldte ifrå til oss, seier Jostein Steinsland Hauge, vaktleiar hjå 110 Vest.

– Me rykte ut og byrja å sløkkje.

Klokka 13:50 er det endå ikkje meldt sløkt hjå brannvesenet, men dei skal ha kontroll på staden.

Årsaka til brannen kjenner ein ikkje til. Det var aldri fare for spreiing til bustadar eller liknande.