– Når ein først skulle vere uheldig, så må eg no seie at eg var maks uheldig, seier Inge Harald Fridtun (51).

Snart sju år har gått sidan den skjebnesvangre fisketur-ulukka 25. mai 2015, som skulle vise seg å snu opp ned på heile tilværet for både han, kona Ingrid og familien deira.

Etter å ha ramla og slått seg i nakken måtte Inge Harald inn til sjukehuset på Haukeland universitetssjukehus for å gjennomføre operasjon, dagen etter. Ein i utgangspunktet mindre dramatisk inngripen i nakken skulle vise seg å få store konsekvensar.

– Eg visste ikkje kva som hadde skjedd, men eg skjønte fort at noko var gale, seier Inge Harald med han sit og ser utover i det store og lyse stoverommet deira i huset på Leikanger.

TUNG BESKJED: Feilbehandling på sjukehuset under ein operasjon førte til at Inge Harald vart lam frå haka og ned. Foto: Ola Skram

Vakna opp og var lam

Som omtalt i VG var det koplinga mellom det kirurgiske utstyret og datamaskinen under operasjonen som gjekk gale. Ledepinna som skulle stabilisere ein av Inge sine nakkevirvlar vart skrudd for langt inn.

Då han vakna frå operasjonen starta det som skulle vere starten på eit langt mareritt for systrendingen.

Plutseleg var Inge Harald lam, frå haken og ned. Han vart fortalt frå enkelte at han aldri skulle gå igjen.

– Eg låg berre i senga og kunne lee litt på auga. Eg var avhengig av respirator for å puste.

TIL STADES: Inge Harald fekk med seg alt som skjedde rundt, men var ikkje i stand til å kommunisere alt han kjente på ut. Foto: Ola Skram

Men kanskje verst av alt; han hadde mista tale-emna. I fleire månader var han nærmast lenkja fast til senga utan å vere i stand til å seie noko som helst. Sjølv om han var klar i toppen og fekk med seg alt som skjedde rundt, var han ikkje i stand til å formidle alt han ønskte å seie sjølv.

– Det er jo det verste som kan skje. Eg har alltid vore kjapp i kommentaren, og plutseleg fekk eg ikkje sagt noko ting. Etter halvanna månad byrja legane å finne ut av korleis eg kunne få til å snakke utan at det førte til for mykje ubehag. Det var då dei etter kvart byrja å finne ut av korleis dei kunne opne for eit minutt av dagen då eg kunne få seie ting.

– Eg reknar med du hadde mykje på hjartet då?

– Hehe ja. Eg følte eg sa dei rette orda, men det viste seg at lydane ikkje var så enkelt å forstå som eg sjølv trudde.

– Eit sjokk

For kona Ingrid som var vitne til det heile, var situasjonen naturleg nok svært tøff også.

– Det var jo eit sjokk. Å ha nokon ein er så glad i som ligg i respirator, og ikkje vite kva utfallet blir. Det var jo ikkje nokon tydeleg openberr skade heller, ingenting. Legane håte kroppen hadde fått ein spinalsjokk.

TØFF: Beskjeden om kva som hadde skjedd var tøff å få også for kona Ingrid. Etter ni månader på sjukehus kunne Inge Harald vende attende til Leikanger. Foto: Ola Skram

Det skjer typisk etter ein traumatisk ryggmergsskade då ryggmergen sluttar å gjere jobben sin for ein periode. Etter kvart kjem gjerne refleksar tilbake.

Det skulle vise seg å ta tid i Inge Harald sitt tilfelle, sjølv om han byrja å kjenne seg betre utover hausten 2015.

Etter ni månader på sjukehuset fekk han reise heim til Leikanger for å bu i ein leilegheit på sjukeheimen, ikkje langt frå huset deira.

– Det var betre, for det var nærare heime, seier Inge Harald.

– Men det var ikkje heime.

Meir og meir heime att

Vel tilbake i Leikanger byrja han gradvis å kjenne seg meir og meir isolert frå det som skjedde i heimen deira. Men ettersom at opplegget med gjenopptrening såg ut til å fungere, byrja han sjølv å bli betre også.

Ingrid fortel at han fekk kome heim over påsken. Då var oppfølginga tett.

– Me var mange i huset, og ingen fekk reise vekk. For det måtte vere mange for å hjelpe til. Huset var ikkje tilrettelagt heller, seier ho.

Den sommaren fekk han vere meir og meir med familien, og dei to reiste vekk til nokre veker til eit sjukehus på Sunnaas som spesialiserer seg på rehabilitering. Så kom kvardagen tilbake.

– Då me kom heim att hadde kommunen (då Leikanger kommune) lagt ned tiltaket dei hadde på han. Eg fekk heilt panikk, for plutseleg stod alt på meg. Han er jo ikkje noko lettvektar og hadde ikkje å bidra med, så det var utfordrande. Eg gjekk nesten heilt ned i kjellaren, fortel Ingrid.

Inge Harald fekk dagplass på sjukeheimen som han vart henta frå på morgonen, og kom tilbake då Ingrid var ferdig på jobb. Men å berre bli «plassert» vekk skulle vise seg å verte ei utfordring for han.

OMSORG: Ingrid og familien tok vare på Inge Harald før og etter jobb. Timene på dagsenteret beksriv han som tidvis svært lange. Foto: Ola Skram

– Det er klart ein vert jo litt utolmodig når det var mange timar med eigentleg ingenting som skjedde. Ein gjekk og venta til ein time trening, og så var det nokre timar til eg skulle heim. Det var ei klokke på veggen så ein byrja å fantasere på om ho gjekk fortare eller saktare.

– Det var ikkje noko god situasjon, men for meg var det viktig å ha ein plass med tilførsel på jobben, seier Ingrid.

Måtte ta ut sjukemelding

Så kom koronaen, og også dette tilbodet vart lagt ned, fortel Ingrid.

Med unntaken av nokre timar trening for dagen ligg no ansvaret for Inge Harald stort sett i hendene på Ingrid. Det er eit arbeid som krev sitt.

Etter å ha vore i full jobb tidelgare jobbar Ingrid no 40 % i ein fleksibel jobb som passar til hennar ansvar i heimen.

– Det har vore viktig å ha ein plass med anna input. No jobbar eg nokre få timar for dagen, men det har berre gått ned og ned og ned på timane.

Som følgje av alt det ekstra ansvaret har Ingrid etter kvart sett seg nøydd til å ta ut sjukmelding. Den totale belastninga av alt som må gjerast vert for mykje. Det handlar ikkje om Inge Harald, men om ho sjølv som pårørande - og med tanke på kor lite avlasting ho har.

SJUKEMELDT: Ingrid jobba ved sidan av for å ha ekstra å rutte med. Men totalbelastninga over tid har vore høg. Foto: Ola Skram

– Det vart rett og slett for mykje. Inge Harald er ikkje ein vanskeleg person å ha med å gjere så sånn sett er det greitt. Men det handlar meir om alle tinga rundt.

– Kjenst det som ein fulltidsjobb?

– Ja. Ein skulle jo ha gjort så mykje meir, seier Ingrid som til no har hatt den andre jobben - ikkje berre av eigne mentale helse-årsaker, men av økonomiske årsaker også. For å ha litt å rutte med.

Grovt rekna ligg dei på ein stønad på kring 400.000 kroner i året, fortel ho.

– Det er svært lite samanlikna med jobben som vert gjort. Me kunne godt tenkt oss at det låg høgare, seier ho.

– Det har jo litt med anerkjennelse av jobbens om pårørande gjer. Kommunen må bruke så og så mykje pengar, men kor mykje sparar dei då, spør Inge Harald seg.

Omfattande og krevjande arbeid

Timesatsen i samband med omsorgsarbeid er per no 164 kronar per time. I 2021 vart det utført 15 840 timar, noko som ifølgje ordførar Arnstein Menes gir ein samla utbetaling på 2,7 millionar i fjor. Det er langt ifrå godt nok meiner gruppeleiar i Sogndal Ap Henny Kristin Asperanden Navarsete.

– Dei utbetalingane fordelt på alle dei timane svarar til omlag løn og andre kostnadar til tre og ein halv sjukepleiarar. Grovt rekna med 35,5 arbeidstimar i veka skulle det eigentleg ha tilsvara nær 10 heile stillingar (9,9 årsverk).

IKKJE NØGD: Henny Kristin Asperanden Navarsete vil ha meir stønad til pårørande, men erkjenner at det er ein veg å gå i det som er ein nasjonal kamp om rettferd for mange. Foto: Bjørn Sølsnæs

– Jobben dei pårørande gjer er så formidabel, og mange av dei jobbar 24/7. Eg ser utdanna sjukepleiar sjølv og veit at mykje av jobben som vert gjort i heimane, frå pårørande, kan trenga ein to stykke for å utføre vanlegvis. Me snakkar ofte om komplisert omsorgsarbeid med stell, medisinering, rehabilitering og trening.

Ho ønskjer at kommunen skal jobbe for å heve løna til pårørande, slik at dei får det ho omtalar som ein anstendig løn, samanlikna med jobben som vert utført.

– Det ville ha vore enorme ekstrakostnader for kommunen om dei ikkje gjorde jobben dei gjer. Det er mange som betalar med si fysiske og psykiske helse og slit seg heilt ut, men gjer det for å vareta sine. Dette handlar om anerkjennelse for jobben ein gjer. Det løyser ikkje alt, men det hjelper på. Spesielt for dei økonomiske bekymringane mange som har gjeve opp jobben for å hjelpe til, har.

– Det er kommunestyret som har fastsett størrelsen på omsorgsløna, for dette er ikkje fastsett av myndigheitene. Dette er noko som me har å tenkje på fram til me skal starte budsjettprosessen i kommunen vår. Me må auke satsane i tråd med lønsaukane som skjer elles i kommunane, seier ho. I tillegg er kva type arbeidsforhold den som yter særskilt omsorgsarbeid har også opp til den enkelte kommune. Det inneber at mange ikkje opparbeider seg ferie og feriepengar. Det trengst ein gjennomgang av heile regelverket og at politikarane på nasjonalt nivå tek tak for å hindra at me får ein slags kommunal sosial dumping for dei som utfører dette viktige arbeidet rundt om i landet vårt.

Håp

For Inge Harald og Ingrid er det uansett håp om at han kan bli enda betre form i framtida. Systrendingen har, mot enkelte legar sine odds, tatt store steg sidan han hamna i sjukesenga den fatale maidagen i 2015. Truleg vil det ta tid , og truleg må Ingrid følgje opp tett på ein god stund til.

I det minste er Inge Harald heime. Der han ønskjer å vere - og der Ingrid ønskje å ha han.

Dei har kvarandre. Gjennom tjukt og tynt.

SER FRAMOVER: Inge Harald har tatt store steg sidan maidagen 2015. – Eg har gode grunnar til å tru at det vil halde fram, seier han. Foto: Ola Skram