Det har skjedd ei trafikkulukke i Finnsåstunnelen ved Årdalstangen i følgje Vegtrafikksentralen. Tunnelen var stengd i ein times tid.

I følgje Sigurd Hadeland, vakthavande i 110 Vest, skal det dreie seg om ei singelulukke. Ein bil med to personar i har køyrd i fjellveggen.

– Dei er begge kome seg ut av bilen og får tilsyn av helse.

Ein voksen og eit barn er involvert.

Ingen alvorleg skade

Ein time etter ulukka er tunnelen open igjen for manuell dirigering. Brannvesenet dirigerer igjennom tunnelen til kjøretøyet er henta av bilbergar.

– Ambulansen har vore på staden og fått dei involverte ut av tunnelen. Dei er medvitne og har ikkje vore fastklemte, opplyser operasjonsleiar Stine Mjelde i Vest politidistrikt.

Det er nokre materielle skader på bilen og i tunnelen. Entreprenør er difor på veg for å retta opp i skadene på tunnelveggen.

Politiet jobbar no vidare på staden. Dei har enno ingen opplysningar om årsaka til ulukka. Det er likevel ingenting som tilseier at det var andre køyretøy involvert eller noko som tilseier promillekøyring.