Klokka 17:09 melder Vest politidistrikt om ei singelulukke ved Slinde i Sogndal. Ein personbil skal ha hamna på taket og ligg utanfor vegbana.

To personar skal ha vore i bilen, og dei har begge kome seg ut.

Naudetatar er på veg.

Fekk hjelp ut av bilen

Rundt to timar etter ulukka er politiet framleis på staden, det opplyser Eirik Loftesnes i Vest politidistrikt til Porten.

Han kan fortelja at det går bra med dei involverte, men at passasjeren er sendt vidare til sjukehus.

– Passasjeren vart fyrst sendt avgårde med ambulanse, dei møtte tilfeldigvis på luftambulansen og dei tok dermed over. Passasjeren vert no flydd vidare til sjukehuset.

Det er enno usikkert korleis bilen hamna på taket, det vert no undersøkt av politi på staden.

– Bilen har fått større materielle skadar. Eg har òg fått opplyst om at dei to personane ikkje kom seg ut av bilen med det fyrste og var fastklemte. Det var folk på staden som hjalp dei med å kome seg ut.

Føraren er blitt sett til av helse på staden. Loftesnes seier det ikkje er mistanke om rus, og at førarkortet er mellombels beslaglagt.