Onsdag kveld opplyser Vest politidistrikt i ei pressemelding at den omkomne i trafikkulukka i Flåm var ein mann i midten av 30 åra. Han var heimehøyrande på Vestlandet.

Dei pårørande er no blitt varsla.

Politiet og ulukkesgruppa til Statens vegvesen er ferdig med sine undersøkingar. Vidare vil politiet oppretta sak og det er blitt gjort avhøyr av vitne og lastebilsjåfør.

Politiet finn ikkje grunnlag for å ta beslag i førarkortet til lastebilsjåføren. Han er følgt opp av helsevesenet og dimittert.

Begge køyretøya vert beslaglagde for vidare undersøking.

Opprydjingsarbeid pågår og vegen vil verte opna for fri ferdsel når dette er unnagjort.

Vidare oppmodar politiet om å følgje med på skilting og vegmeldingar over radio for oppdatering.