Politiet har igangsett ein leiteaksjon på Hafslo, det opplyser operasjonssentralen til Porten.

I ei pressemelding skriv dei at dei leiter etter 24 år gamle Natalie Serine Kviteberg Bolstad som har forsvunnen frå ein institusjon på Hafslo. Ho vart sist sett laurdag kveld, 23.07.22 klokka 23:45.

Politiet har fleire politiressursar på staden og har også bistand av politihelikopter frå Oslo. I tillegg er det fleire frivillige frå Raude kors og Norske Redningshunder som hjelper til under søket.

Det er knytt bekymring opp mot helsetilstanden hennar og politiet oppfordrar folk i området til å vera på utkikk etter kvinna.

Namn og bilete er gitt ut i samråd med dei pårørande.

Funnet

I ei pressemelding skriv politiet at dei har funnet Natalie Serine Kviteberg Bolstad. Ho vart funnet klokka 16:06.

Dei skriv at ho vart funnet ikkje langt unna institusjonens område av søksmannskapet.

Ho vert no transportert til lokal legevakt og vil etter kvart bli ført tilbake og varetatt av institusjonen.