Det skal vere brann og røykutvikling under ei høgspentmast i Luster, nærare bestemt område Steinabakken.

Det melder 110 Vest på Twitter klokka 14:22.

– Me er endå ikkje komne fram, men det er snakk om røykutvikling og opne flammar, seier vaktkommandør Helge Lund til Porten like før klokka 14:30.

LUSTER: Brannvesenet rykka ut frå Gaupne Foto: Datawrapper

– Det dreier seg som sagt om området under ei høgspentmast.

Klokka 14:32 er brannvesenet framme på staden. Det er framleis røykutvikling på staden, med noko avstand til bilveg.

– Ser ut til å ha kontroll

Klokka 15:30 meiner vaktkommandør Helge Lund at brannevesenet har fått kontroll på brannen.

– Det ser ut til å ha gått bra, og dei har ikkje bedd om ekstra ressursar. Dei måtte ta seg fram eit stykke til fots, men verkar å ha fått kontroll mo.

– Har det vore fare for spreiing eller personskade?

– Det kan eg ikkje svare på, men har ikkje hørt noko om det.