Kring klokka 07:30 torsdag fekk vegtrafikksentralen melding om eit mindre ras ved Fylkesveg 613 mellom Dragsvik og Vetlefjorden.

Ifølgje trafikkoperatør Marianne Hove i Statens vegvesen skal det ha dreia seg om ein stein på kring 1 kubikk.

Entreprenør var raskt på staden og fekk fjerna steinen.

– Han vurderte det slik at det ikkje var fare for meir ras, opplyser Hove.

Innan ein time var steinen fjerna og det var igjen fri flyt av trafikk.